torsdag 30. oktober 2014

Ein heilt vanleg dag


Sjå denne vakre blomen som kom inn dørene saman med handlevarene på ein heil vanleg dag!! 
Å, kor kjekt!!! -- - og så glad eg vart !!!!


Når eg såg ut var det kome lyng på veggen både på terassen og på veggen ved hovedinngangen!


Ryddig og fint i morgonsola på tampen av oktober. 


På turen min overraska denne meg! Heilt uanfekta av oktober på hell stod han der flunkande ny og stråla som ei lita sol! 

Haustlauva srålte og, men dei er meir i pakt med årstida.


Det gamle treet ved bekken har misst si lubne lauvdrakt, men du kor vakkert det er likevel!


Vinden har lagt frå seg noko her --- 


Kvit julekaktus, eller ---- ?


Klem frå lukkelege ---mor Gunvor

 så kjekt!!!!

tirsdag 28. oktober 2014

Frøydis Nordbustad -- og mine.



I dag gratulerer me Frøydis Nordbustad med 81 års-dagen!
Her talar ho på Fotland Bedehus.


Og me gir henne ei rose frå solveggen i sommar!

Me ynskjer henne gode dagar og Guds karft til arbeidet i ILCT i Tanzania, saman med medarbeidarane!!


Papirbladet av Nytt om iraqwbibelen sende eg i posten i går, måndag 26. okt.


Det hender både det eine og det andre ----

Ikkje alle vil verta omtalt her. Men ein dag kom plutseleg mi yngste dotter, som til dagleg har det nokså travelt, og av og til meir spennande enn godt er på NAV, Sandnes!


Av og til kjem eldste dotter som til dagleg steller med pengane i Stavanger Kommune.


Eldstesonen, revisoren, kom ein tur på sundag, med si kjære og 


dotter si, Ragnhild, førskulelærar i Sandnes. Heldige ungar som har henne!


Klem frå stolt -mor Gunvor.






tirsdag 21. oktober 2014

Hausttid


Eg fann! Eg fann!!! :)


Det regna og bles så det var umogeleg å ta bilete i dag! Hetta fall langt fram så det var berre for foten eg såg. Men der låg det skattar skal eg sei!! Kunstverk! Eike-, blodbøk-, hekk- og stikkelsbæ-lauv!


Eika mi måtte eg ta i føremiddag då det var stilt. Ho er så fin i fargen no, men snøyest for kvar dag.

Og så er det "blad-tid!" Telefonar og purring om stoff. Det er store vanskar med internett frå Tanzania så det kjem an på om eg greier få ferskt nytt derifrå. Men redaktøen i Tysnesbladet har sendt meg noko som har stått i Tysnes. Det er fint. Han var forresten ein grei kar å snakka med!
Og så kjem det litt etter litt. 
Det er i oppdrag frå det høge, så det er ikkje mitt ansvar. Eg må berre vera villig å gjera det han set meg til. Ja det er spennande og!


Det er veldig kjekt med kommentarar!

Her ser de reaksjonen på ein kommentar eg fekk på sist blogg! Ho sa eg yngdest opp att på grunn av turane!


Hekle-kroæ mi.

Ha ei velsigna haustid!


-- mor Gunvor




mandag 20. oktober 2014

Rekking


Hua var ferdig. Men ho var ikkje heilt etter oppskrifta - og eg var ikkje heilt fornøygd. 
Men pytt pytt! 

Så låg ho der og gnog. Ver ikkje stolt av dette arbeidet!

Nei!!  Rekk -rekk!!!! 


Regn ute! Ikkje gidlt å gå tur! Men det var opphad ei stund og tur blei det!!! 

Sorpete! Stor bekk!  Vatn i vegen! Mest snaue forbåsne tre. 

Godt å koma heim at med ei god kjensla av at eg verkeleg kom meg ut !!!


Og så ta spøtet og rekkja ein del til, - og få det på pinnen att! 

Ferdig til ny dyst! God kjensle!!!



Ha gode haustdagar med innekos og  for all del ikkje gløyma ein "tur til dagen!"

-- mor Gunvor

onsdag 15. oktober 2014

Den gamle kastanjen er soge.

Siste dag for den gamle kastanjen, grein for grein -- og så toppen - etter tredje forsøk!




Ho var gamal og mett av dagar.

Det blir mykje ljosare, men me  kjem nok til å sakna den og.
Trist.

I  morgon skal eg ta bilete av tomromet, 


- mor Gunvor




søndag 12. oktober 2014

Overvekta



Morgon-måne!


Her er sola så vidt nådd eika!


Rakk sangtimen i dag og!  Gamle slagarar . Jaja. --  Nostalgisk til morgonkaffien og egget.

Ikke alle dager er like. Men eg likar best å skriva om alt det gode eg opplever. Men ein er no ikkje 20 år lenger og må rekna med litt av kvart. 

Men eg tenkjer at i tankane må det goda og gleda ha størst tyngd!
Leita etter det som er bra og takka for det!

Det er ein eldgamal Kingo song som dreg meg i minne. Det er kanskje litt gamalmodig språk, men viss du les det med ettertanke så forsår du kva eg meinar!

Overvekten --

Aldri er jeg uten våde aldri dog foruten nåde, alltid har jeg sukk og ve,alltid kan jeg Jesus se.
Alltid trykker mine synder.alltid Jesus hjelp forkynner,alltid står jeg under tvang,alltid er jeg full av sang. Snart i sorg, snart vel til mote, snart i fall og snart på fote,ofte uten sinnets ro,alltid fylt av Jesu tro.
Så er sorg til glede lenket, så er drikken for meg sjenketbesk og søt i livets skål,dette er mitt levnets mål.
Jesus, jeg med gråt vil bede:Hjelp du til at troens gledeframfor synd og sorger måalltid overvekten få! 




Ha ei god veka!

Klem frå  - mor Gunvor

torsdag 9. oktober 2014

Lerke-tur og bb-besøk


På turen i går var det både vindfullt og grått men eg knytte hetta godt og kom utover kjelvevidda, ingen fuglar på trådane eller i lufta i dag. Dei var nok farne til varmare trakter!

Brått sprakk skyene opp og sola stråla ned til meg og gyllte syene i kantane!! - Og lufta var full av lerkesong og lerker som hypsa seg i vinden. Det var heilt undeleg!


Lerka 
(Frå boka Fuglesang av Jan Pedersen)

Lerka
Og vesle lerka, ho hev det so,at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,so kved ho i med sin gladaste song,so trur ho på vår med ein einaste gong.      "Å hei! å hi! å tiriliti!


Og vesle lerka, ho hev det slik,at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.Då stig ho i høgdi og traller i littil sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.Der set ho seg ned, og so får ho seg mat.Og når ho er mett, ho takker så gladVårherre for maten med kvitter og kvad.      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

Gud signe deg! du fuglen min, du!Gud signe no deg med di glade tru!Og møter eg kulde og snjo på min veg,Gud gjev meg i sol-tru å kveda med deg:      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

.*

Så blei det besøk i dag og!!


Herlege Anne var heime frå Oslo! Ferdig med ein eksamen og kom heim til vindfulle Jæren og eit nesten fulltallig syskenlag. 

Flott at ho kom her til oss og for ho  skal jobba mesten heile tida ho er heime!




Ha det!! :)))

Klem  - mor Gunvor

tirsdag 7. oktober 2014

Haust.


Gildt med besøk!
 Det er ikkje feil med fjesboka! Best det er så ser du nokon som vil koma!! 
Minstajento kom - og let seg frista! Mor hadde endå til KREM!
Koseleg strikke/hekle-økt !

Turen var sånn Gå utan om greiner-tur! Var litt redd for å få noko i hovudet og!
 Lauva dansa forbi meg på vegen.


Og eg kunne vassa i vese lauv!


Lunt inne i hagen.

 Eit tre hadde lote falla for øksa (saga) i dag. Det stod attmed den eika som står midt fram.
Eika kallar me for mi. 
Me tok ho med frå min barndomsheim i Hardanger ein gong me var heim der då ungane var små. 
Ho vart planta der, nederst i hagen, Men hadde mange store tre som skygde då. No råder ho grunnen mest åleine
og er slikt eit fint tre som eg er så glad i.


Her har gartnaren vore og fjerna Multiflora og Skaugumar.

Ja, det haustar.

Men tenkjer eg rett, så ligg det snart løkar i jorda!

Ikkje grav, ikkje pirka!


På hausten det lei, mot vinter det lakka,
då kjøpte eg heim dei gildaste pakkar
med blomstermotiv i sprakande fargar.
Og tanken fekk liv av draumen så fager.

På pakken eg las og lærde mi leksa.
Så fann eg ein stad min draum skulle veksa.
Og draumen, ein knoll, eg planta i jorda
var brunleg som mold og ikkje for auga.

Om molda var god,  han låg der berre
i stilla og ro – du visste det, Herre.
Når  vinteren kom med stormar og kulde,
han hadde sitt rom og låg som han skulle.

Når våren så kom med varme omsider,
eg kika meg om og såg etter spire.
Eg fann ikkje på å grava og pirka
i molda, og sjå - og i spira lirka!

Nei, venta – og venta, vatna og verna!
Men eg er så brå og eg vil då så gjerna!
Det er kanskje ikkje eg som ser blomen
få opna seg der, når tida er komen?

Gunvor

Ha gode haustdagar!

Klem frå - mor Gunvor

 

søndag 5. oktober 2014

Ein god sundag


I dag vakna me til ein flott dag med sol og aldeles vidstille. Ikkje eit blad røde på seg! 
Fuglane song iherdig! Heilt nydeleg!

Syng i stille morgonstunder,
syng Gud fader lov og ros!
Sjå han gjer på nytt det under
kallar fram or myrkret ljos!
Sjå hans sol all skapning gyller,
alt med liv og lovsong fyller,
sjå hans kjærleiks smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!

Elias Blix
*

Etter middag og slumring i stolen fekk eg telefon om besøk til mellemmat!
 Lykken er: ungt selskap ved kjøkenbordet! :))


Turen vart spesielt gild med nydeleg fylgje, 

"Jeg kjører frem gjennom strålefryd,
i søndagstillet med klokkelyd ---
----  Godt mot! du hilste på fler enn meg, -- 
skjønt du ei skyndingen så det ei ---"

(Er det ikkje av Bjørnson?)

*

Takk Ragnhild!

Ha ei god veke!

Klem frå  - mor Gunvor




fredag 3. oktober 2014

Ein herleg dag!



Ei kreativ og entusiastisk  dame kom innom og hadde store planar, Ho trong etikettar til noko ho skulle selja på ei julemesse! Og sanneleg fekk me det til og! Det var gildt!

 Litt blomahekling blei det og - og huset må ikkje gløymast!


Kjempeglad for at eg fekk til denne rullekaka!! No har eg noko dersom du skulle stikka innom! :))



Det ruska felt i dag, men det var ikkje så kaldt!




Gjekk attmed bekken, men det var ikkje moko livd å få.

Måtte nesten til Tippen for å sjå den nyslegne kjelva, 
Dei hadde balla og alt lagt dei i lang rekke ved dei andre.



Her snudde eg og ballane tigg l a n g t der borte! 
Søravinden tok godt i meg så eg gjekk ikkje beint. Ein einaste forblesen fugl flaksa fort i medvinden, Skyene hasta i stor fart lågt nordover himmelen!

Friskt!


Godt å koma heim til godstolen og blomane!

Atter ein herleg dag å takka for!


Klem frå - mor Gunvor








torsdag 2. oktober 2014


Å, det er velsigna med Misjonsradioen om morgonane! Fin song og enkel bodskap. Evangeliet rett inn i hjarta! Godt å få starta dagen med Guds ord og bøn før alle tankar suter, og inntrykk kjem ramlande inn over meg. 

Eg hadde ikkje den
store gnisten til kvardagen i dag. hadde planar om gjærbakst, men kom liksom aldri i gang. Tusen tankar forvilla meg liksom. Gildt nok. Telefonar og meldingar frå mine kjære var det og.


Som det stod i ein setning i Familien som kom:
 "Ein dag er som eit liv!" -
 Me opplever veldig mangt om ikkje ein ting vert gjort! Me lever litt i den tida me har levt og så skal me så avgjort vera tilstades i livet som er no.
så tenkjer eg mykje på kva eg skal proritera. Eg har vel ikkje allverdens tid att. Og så fer tida!

No
Eg sit her og undrast på tida, 
ein morgon i stilla og fred
Eit no let seg slett ikkje binda,
det fer mens eg tenkjer på det!

Men kva skal eg tenkja og seia?
Er no dette eine eg har?
Ein ævebit fått til å eiga,
av Herren, vår Himmelske far.

*



Ein løvetann i knopp - og ein med snøkvitt hår! - -

Turen var vakker i kveld! lange skuggar og mange fuglar på straumtrådane! Dei sat der som notar! Og song og vitra noko forskrekkeleg. Ei og anna lerke tok sine stup over kjelvevidda.


Naboen har fått ungdyra heim nær garden. Her kan dei ha det godt til hausten jagar dei einn. Mjølkekyrne er inne forlengst.

Og så kom eit kjekt besøk om kvelden!

Dagen var gått. nange no hadde eg fått! - - -


Klem frå   mor-Gunvor