lørdag 30. august 2014

Julegåveturen


Trass skremande vermelding om uvanle mengder med regn, starta me turen med opplett og tildels ljose slyer. Men på veg til Avaldsnes kyrja kom renbya.

 Synåla tepar ikkje  kyrkjeveggen heilt enno,

 I Nordvegen Historiesenter opplevde me Harald Hårfagre og andre kongelege samt Odin og Tor og andre gudar i skremeleg miljø.


Inne her i Krigshistorisk Museum vart eg sett attende til krigstida på ein måte eg ikkje hadde trudd gjekk an.
Hakekors og tyskar i uniform med hjelmar og gevær var det første som slo mot meg og gjorde meg fysist vodt. ---. Rasjoneringskort, B-såper, sko med skobespararar og trebotnar, blendigsgardiner, bilar med generatorar, --- nasistar, plakatar og publikasjonar me kjende så godt. ---
 Eg kjende ei ulyst til å vera der. Var det ikkje nok no. Akkurat som under krigen, me lengta heile tida etter at det var over!
Brått kom eg inn i noko anna! Ei ny gate.- Ein som talte! Det var kong Håkon med sin danske aksent. Ikkje til å ta feil av! -- Det kom frå eit ope vindauga der ein  mann stod og heldt ein liten rado frå den tida. Rundt i gata stod folk med eit underleg forklara uttrykk i andletet, lyttande og smilte undrande og strålande glade --- Så slutta talen og jubelbruset frå folket kom gjennom radioen. Då rann tårene og eg hadde vanskeleg for å få fram ord ---

Alt dette hugsar eg som det var i går! Aller mest det jubelbruset! Me var ikkje vane med radio, så dette veldige jubelbruset tok heilt pusten frå meg då og. Tårene kom altid når eg høyrde på det på radio. Det var ei enorm gleda! Tenk det var fred. FRED! Og det var flagging, vår og uendeleg vakkert!
Og dette opptaket eg høyrde no var vel det same som det eg høyrde på då - som13 åring.


Me er veldig taknemlige  til dei herlege jentene våre, vertskapet for turen, for ein fin tur!
Her er me  i Bestestova til ein betre middag!

Klem frå mor.




onsdag 27. august 2014

Fisketid


Det har vore vått og grått, og fiskever.


Her er ein av fire fiskar han har fått, I dag fekk han ein på 5 kg! Men biletet kom ikkje fram og no er han vekk! De trur vel det er ei fiskeskrøna. men det er sant!

Elles er ny skrivar komen på plass og i bruk. Godt utstyr er ikkje å forakta! Berre eg greier å "betjena" det så skal det gå godt! 
Frimerka er komne på 


og adresseetikettane,


og så har eg taipa alle blada før dei kom i ein bærepose og for i posten No er dei på veg til deg!



No er bordet mitt tomt , -- og eg er tom ---

Og eg er glad og takksam for eit blad til er blitt ferdig. Det er eit sammarbeid mellom mange. Takk til alle som har vore med og mest takk til han som har velsigna!!

Ha det!!

Gunvor

lørdag 23. august 2014

LAURDAG OG BLADARBEID


Etter laurdagsgrauten kom siste godkjenning og retting til bladet. Så var det klart til å  trykkjast ferdig. Då er både den gamle AT-en, svart/kvit kopimaskina, og den nye trådlause combi-skrivaren i full gang, og eg må skjerpa meg for å få alt rett. Det må snu rette vegen og vera rett mengde. Det er så fortvila dyrt med toner! Men begge maskinene funka fint! (Og det gjorde faktisk eg og!) Berre nåde!
AT-en går på overtid. Det er ikkje råd å få meir deler eller toner til den. Eg kjem til å sørgja den dagen ho sluttar! For ho har vore veldig trufast. 

Tre bunkar 


er blitt stifta saman til ein stor bunke,


og  bretta saman.

Ein del er lagd i smartkonvoluttar til foreiningar og kyrkjelydar.

Mange gonger har eg hjelp til bretting og slikt,
då går det fykande!


Måndag ventar eg data-mann. Hans oppgåva er å få skrivaren til å skriva ut etiketane 
så eg får lima dei på blada.



Tilslutt må dei taipast og få frimerke på før det går i posten.


No skal eg senda bladet elektonisk til ein medarbeidar som sit nedi Tailand. Han legg det inn på
 heimesida:  www.iraqw.org  Der er mykje å sjå!
Det er mange som vil ha Nytt om Iraqw-Bibelen på epost. Så no skal eg gjera det før eg legg meg.


Det blei ikkje tid til tur i dag, men det var regn og surt.

Ha ei god helg!

Gunvor











torsdag 21. august 2014

Bladtid


I går kom det stoff til bladet! 1.og 3. sida. 2. sida var ferdig, Så var det å fiksa 4. sida. Litt problem med 5. sida. Den må eg skriva sjølv! Men dei 4 første sidene er printa ut.


Det verste er at printeren ikkje vil skriva ut etikettar. Det er ein feil frå fabrikken så eg får kanskje ny. Men kva tid?  Eg må nok ha dugnad på å skriva adresser på 150-60 blad - med hand! Kven vil det? Ein får veldig mykje velsigning av dette arbeidet! Det har eg erfart!
Eg har hatt mangeslag problem før, men det har alltid løyst seg. Så eg får stå på!
 Det er det som er så pussig, det hjelper faktisk å be!!


Veret var ikkje så verst, men det er tydeleg at det haustar. Gjekk gjennom holet i hekken nederst i hagen og slapp gå langs den trafikkerte vegen.

Sonesonen er ein driftig kar som ikkje får arbeid nok. Han  kliper "promenaden" min! Her er det mjukt og godt for vonde føter å gå!


Lauvet på det gamle treet med bekken
bekken har skrukka seg og minka i stormane.

På murkanten her kan eg sitja og syngja Du vesle bekk som fossar kjekk.... men mest må eg høyra på klukk og surl frå han og drøyma ---

Å du, å du, kor mykje energi ein får av ein slik liten tur!

Ha ein god kveld! 

m-sm-mm-fm-gunvor









tirsdag 19. august 2014

Ein vanleg dag


Det blei ein Brynetur. MÅTTE jo innom garnbutikken min! "Shjoppa litt" garn! Dei er veldig tolmodige og hjelpsame med ei bestemor! Må ha litt avveksling frå primulblomane!
 Og så litt til bladet på Bok og Media. Det er noko plunder med den flunkande nye printeren, men det pla alltid bli ei råd. Han som har gitt meg oppdraget er problemløysar delux! :))))


Men det vart nokre blomar til nytt Primulateppe. Snopte litt garn til det og som eg  berre måtte prøva. :))


Turen må ikkje skulkast om regn og vind tok godt i.

Så skal eg Sjå En prest og en plage.

M-sm-bm-mm-fm- G
(Mor-svigermor-bestemor-mormor-farmor-Gunvor)
Lukkelege meg!








mandag 18. august 2014

Innever


Regn og rusk i dag. Trea får hufsa seg og skyene driv fort.


Skaugumane og alt har fått vaska seg og jorda har fått vatn. 



Du må ikkje reddast

Du må ikkje reddast når skyene tetnar
Og skyggjer for sola og jagar din fred,
for når dei er blitt  fylte, det tek til å regna,
Ein regnskur som trengjer i jordsmonnet ned.

Dei finaste skattar blir gøymde i mørkret,
Den dyraste skatten vann Jesus for oss.
I djupaste mørker han frelsa fullførde
I grufulle timar hengd opp på ein kross.

Men grava er tom og Guds himmel er skyfri
Og jorda er vatna med dropar av blod,
Ja, nok til all spiring og vokster for alltid,
Den veikaste spire i mørkret skal gro!

Du skal ikkje reddast  dei kolsvarte skyer
Som skyggjer  for sola og tyngjer deg ned.
Han sjølv er i regnet, dei tettaste byer
Og væter di sjel med velsigning og fred.
/96
Frå Nådens Snøfall




God natt!

Gunvor


Glede!


Det blir nok ikkje slutt på blomane mine! Tenk i dag var det ein til som ville ha slikt teppe!
 Utruleg at dei vil ha noko som gamle bestemor lagar!
 Eg blei reint varm om hjarta når eg las meldinga på Facebook! 
Nokon vil ha andre mønster og fargar, men det er like gildt for det!




Barneborn er ei velsigning.
Her er er dei samla for nokre år sidan. No er alle store! Kjekt å fylgja med på ka dei gjer og for dei fer i verda!
Dei er likt eit Primulateppe for meg! Like unike og fine!!!
Eg har mykje å takka for -- og be for!!  :))

Ha ein god nåndag!




søndag 17. august 2014

Slekt-treff


Desse trauste karane + 70-80 av slekta etter dei ,var samla i Kleppelunden i dag. 


Ei fargeglad og mangfoldig samling.
 Etter grilling, mat og drøs i seneoverbygget var store og små med på konkurransar i terrenget, trass i fuse renbyer.
Slikt sveisar saman! 
Me gleder oss til neste samling , neste år.

Gunvor


lørdag 16. august 2014

Tur i dag og


Ein tyngre himmel over meg i dag. Nokre dropar prikka meg i panna.


Og raunbæra helsa meg frå greina, raudare og modnare no!


Bortanfor kalvane og steingarden har sonen fått treska kornet i dag og halmen ligg i ballar som ventar på å verta stabla ein elle annan stad.. Eg skulle lagt turen min dit i dag, men det var litt for langt.


Et teppe til er ferdig og levert.


No er det laurdagskveld og nytt  hekkelety ligg og lokkar!




Ha ein fin laurdagskveld!

Bestemor-mormor-farmor- tante-faster-moster-mor-Gunvor








fredag 15. august 2014

Bladtid


Nytt blad på beddingen!


Frøydis Nordbustad besøkte Rogaland og var og på Varhaug Misjonshus med mykje folk samla.
 Det må bli eit referat.

Måtte ta meg ein tur for å klarna tankane.


Det merkas at Lena har herja.


Elles var det fint opprydda.


På terrassen stod denne og gløda i dei siste solstrålane! Han som kan få til noko så fullkome kan og hjelpa meg med Bladet!

Ha ei fin tid!

Gunvor

fredag 8. august 2014

Turen min


Lange skuggar og vidt syn mot sør. Ein stille og mjuk kveld. I synstanda står ein flokk vindmylner og sviv sakte.

Heimatt . Her gjekk eg i vinter i allslag ver. I helst kald vind frå søraust. Stundom i snødrev som stakk som nåler i kinna.

Men no er det berre vakkert. Raunbære har ikkje heilt fått den djupe raudfargen enno.


Melom trea, over steingarden ser eg potetstykket med greipen i. Lauvet visnar på dei tidlegaste.


Eg svingar inn i tunet og går under granane og ser mot nord, oppover mot Oma. Det syner tydeleg at skogen minkar. Store ladar av tømmer ligg att. Nærast er beite til kyrne. No er dei inne for natta.

Lenger nede er granskogen heilt borte.

Ha ein fin kveld!

Gunvor