fredag 26. september 2014

Heime att.




Trass i kald vind tok eg lua på og stavane fatt og la ut på turen min. Kom heim etter mimre tur i heimsleg fjell og vestlandsnatur med små-syskena mine - og gåstolen i går. Den var utruleg god å ha på slette vegar og lange flightgater! Spennande om eg greidde det! Men flypersonalet var rørande hjelpsame og la seg i selen for å hjelpa ei gamal kone. Det er om å gjera å ta i mot den hjelpa ein kan få! 
Men gåstolen  greidde likevel ikkje halda fylgje med meg, - der eg hadde mest bruk for han, men kom med ekstrabil nokre timar ettr meg!!!!  
Men ver og alt la seg godt til rettes! No er eg glad eg er heime for det stormar på veslanskysten! Takksam for det!! Eg bad ikkje så lite om ver og vern!

Bles her og  lauvet har lagt seg i kriklar og krær. Blomepottene har søkt godt saman for vinden og greier seg godt her. 


Skyene var svarte over meg og vinden tek godt i raunane.

Men det var godt meg ein frisk tur på Jærens vidder!

Ha det godt alle som giddar lesa!!!

Klem frå  - mor - Gunvor

søndag 21. september 2014

Sundag


Sjå dagen sprett i austerett
Han livet opp vil yngja!
Sjå skuggar fly og solglytt ny
no gyller sky
og tusen fuglar syngja!

Bjørka er blitt tnnare i den lubne pelsen ho svaia med i sommar, men lauva skin som lauva på ei bunadsylja i sola!

Det blei og ein biltur i finveret, til nokon av borna, i to heimar + ei dotter til.  Oppkvikkande! Fekk høyra nytt frå innsida av familiane deira. Og så fekk eg ei oppdatering av blogga, som de ser!

Heimkomne var det nett tid til ein tur før mørkret fall på. Ingen sol å sjå. Nordavinden bles kald så hetta måtte på!


De ser at graset har fått god bakoversveis. Det er ein annan tur i dag, minst like snau vidde. Eg gjekk så langt som me ser vegen. Fort.


I går, laurdag, regna det.
Det hadde nok regna godt om natta, og for bekken var alt stor og veldig brun. 


Obs! 

Slik såg vegen ut, men han spegla ikkje himmelen; det spruta og skvatt Men eg gjekk like til "bakken" likevel. Så langt som me ser vegen, der ballane ligg. Der går vegen opp på den haugen og vidare nedover. Det er det eg kallar "bakken".
 Det er herleg å verta litt utfordra - og så greia det!  Greia motstå freistinga til å sitja i godstolen!


Heime att på terassen. Eg må vist få meg søvlar og regnbuksa! Men det var ikkje kaldt!


 Godt å koma inn til lukten av bakst og få turt på seg! Trur kavringane  blir gode denne gongen! Her ligg dei til turk i omnen.


Ha ein god kveld vidare!

- mor - Gunvor








fredag 19. september 2014

Fint soleglad i kveld og ! :)))


Å klyppa seg, det er kjekt! Det er min form for luksus, pleier eg å seia. Bli vaska og stelt med, ja det er ei nyting! Og så har me det veldig hyggeleg med god drøs heile tida. Er det ikkje min tur med sama eg kjem, så er det berre å ta litt kaffi som står framme! Veldig hyggeleg dama og fin "salong"! 
Skulle hatt eit bilete, men det gløymde eg. Får gjera det neste gong.



Dagen går fort og best det er er det tid for kveldstur. Kanskje den siste fine solnedgangen på ei stund.
Det er heil stilt! Ikkje lerker heller. Jau det  flaug opp ei lerka frå graset berre eit par meter frå meg. I går såg eg tre fly i lufta og ein hanlaider, eller kva  no det heiter.
Tenk at turane blir litt lenger for kvar gong og eg trur faktisk eg kunne gått lenger og! Ikkkje blir eg så trøytt heller!
På "promenaden", ved potet- og grønsakstykket stod traktor med poteter. men arbeidsfolket hadde teke kvelden. Ei kjekke drøs blei det!

Tusen takk for alle gode responsar eg får, både pr. telefon, mail og elles. Det er så rart å berre senda det ut i lufta --- eg veit ikkje kor det går henn.

Ha ei god helg alle!

- mor - Gunvor

torsdag 18. september 2014

Bryllaupssong og god natt til sola



Fint ver i dag og! Men det blei besøk på kontoret og dikting.  Gildt å skriva berre det beste om folk! No er han pynta og ferdig. 

Hadde tenkt å laga kavring i går, men det var ein som ville måla vidauger i kjøken! Det varte i dag og , ja, i morgon og! Så då blir det ikkje baking på ei stund! Det passar ikkje på laurdag og måndag får eg barnebarnsbesøk, på tysdag reiser eg vekk og kjem ikkje att før torsdag! Ja, så oppteken kan ei bestemor vera!



Eg ville ut å seia god natt til sola i kveld og. 

Så mykje vakkert det er her på jorda! Når det kan vera så fint her, kor blir det ikkje i himlen då?
Det står så mykje om himlen og boka Himlen på ornt`li  i Dagen i dag. Mykje kan diskuterast og eg vert forvirra av det. Det er så mange meiningar og tankar. Men då var det så godt å lesa det Erik Furnes skreiv i Sambåndet som kom i dag. Han meinar når me døyr i trua på Jesus, så skal me vera der Jesus er. (Joh. 1:1-14.)

Hva gjør det så om her på jordi hytte eller slott jeg bor!er dagen skyfull eller klarHvor Jesus er jeg himlen har!
Nr. 59 i Sangboken: Da Jesus satte sjelen fri. 3. v.

God natt!

- mor - Gunvor











onsdag 17. september 2014

Kveld





Fager kveldsol smiler!




Dagsens auga sloknar ut,
 kveldsol ned i vester glader,
skuggen stif frå dal til nut,
mørret sigrar alle stader.
Jesus hjartans sol og skatt,
Jesus ver mitt ljos i natt!
Dette verset song me ofte etter far hadde "lese litt" (kveldssandakt) i barnomen min.
 Eg ser og for meg sola når ho gladde bak fjella eller i fjordgapet der himmel og fjord nesten møttest, og himmelen og den breide fjorden synte seg i slik fargeprakt du ikkje kan ana utan å ha sett det. Det er uråd å setja ord på det. Og skuggen laseg over alt til slutt. Men det tok tid å verta mørkt for himmeln var veldig vid over fjorden - som  spegla himmeln.


So sit me, medan skyminga fell på, her på terassen.





"Jord og himmel kviler stilt i heilag fred."


Ha ei god natt alle!


- mor - Gunvor

tirsdag 16. september 2014

Turar og litt til



I dag fann eg denne i kveldsola på Tippen! Som små soler lyste dei! Det er så frodig no og alt veks veldig!



Sjølv i vegen eg går på spirer og gror lubbe nytt fint gras!
Veret har vore superlagleg for bøndene! Masse gras har dei fått. Lenger borte durer traktorar i ferd med å samla saman traktoregga til lange perleband som vert til høge, lange katedralar! Andre stader ligg grasskårane i fine lange mønster. Dei har sansen for kunst dei som slår, trur eg. Eller dei tenkjer vel helst at det er mest praktisk, og så vert det kunst!

Her er den nye anskaffelsen  min, fint parkert i vaskeromet. Han tek ikkje mykje plass. I går prøvde eg han ut  på turen min, men det vart ein nedtur! Det var noko knurpete for han på vegen eg går på. Måtte skua han og det er ikkje bra for ryggen. Nei der er stavane best. Dei tok eg i dag og er fornøygd med det. Men han blir god når eg skal til Bryne og rundt å handla. Eg kan sitja å kvila på han og! Og så er han lett å ta med om eg vil reisa lenger, med fly kanskje.

Har ein sundagsfølelse i dag! Me var på noko som dei kalla Seniortreff. Der var det gladsang, kåseri, god middag med steik surkål , tytebær og sviskegraut. Eg likte best når me fekk vera med å syngja :

 "Han er min sang og min glede!  --- Jesus i dine hender jeg hviler til livets slutt!"

Klem 

--- mor Gunvor







søndag 14. september 2014

Ein god sundag og - Eg ser---


Å, du!! For ein flott september-sundag! 











Alt tidleg på dag melde barnebarnsdama som bur på Bryne om ho kunne  koma på besøk! Så hadde eg det å gleda meg til ! 
Medan me åt mellemmat kom eldstejenta vår heilt frå Hundvåg! 
Fesleg! Det vart både blogg og Skypehjelp, hekle/strikkeprat og mykjr anna.


I stillt og varmt ver gjekk eg min tur like til tippen og gav meg god tid og fekk nyta både bekkeklukk og lerketirl. Nokre lerker hadde sett seg på straumtrådane, men dei er ikkje komne med her. Dei var vel for små.
 To grågåsplogar kaia seg mot sør og ei kråke kraka lenger vekke. Toget skrangla over Jæren og ein og annan bildu var det og, Elles stilt ogfint.


Fleire kjelver låg nedslegne og graset spreidt fint utover. Det lukta godt høy. Men eg høyrde eller såg ingen maskiner som uroa helgedagsfreden! Det er berre å gleda seg over!


Heim gjekk eg gjennom hagen, der hekken silte dei skrå solstrålne inn.


Jammen hekk der nokre bringebær på ei grein, store og raude!


Og eple!

Tagetes og Multiflora!


Roserekkja framfor muren til terrassen gløda i sola.


Hortensiaen som han planta i vår - som skulle vera blå.


Løvemunnane er på hell.



Kanskje det sit ein gartnar her og slappar av innimellom?



Oppa terrassen.


På veggen






I takaet.



Rosa i kråa som har vakse seg inn gjennom ei sprikka ned på veggen.



Den gamle kastanjen har mist all lauvpryd alt! Det kjem an på om ho greier så mange år til.


Men bjørka står og glødar i kveldsola over rekkja av georginer han planta i vår.

Eg tykkjer det er så fantastisk som hagen står no - og så dette fine veret!!! Det kjem an på kor lenge hagen  står slik. Måtte berre festa de nedpå!
Det er nok mange slike fine hagar!  :))

"Eg ser deg, Gud i kvar ein blom som tirer!" 

(Kjem ikkje på kor songen begynnar. Er det nokon som veit det?)

Ha fine haustdagar!

Klem frå  mor  Gunvor

lørdag 13. september 2014

Laurdag igjen.



Utruleg som tida går! No er det laurdag att. Og då må huset skainast opp. Og i dag kom vaskaran att. Det er herleg! Så var eg med til Bryne og gjekk litt frå butikk til butikk. 
Eg vurderer alvorleg å få meg gåstol! Har lenge fortrengt det, Men no er vist tida moden for det. 
Eg tenkte då eg kom heim at i dag blir det ikkje tur! Men jamman kom eg meg heilt til Tippen og, - heilt oppa tuppen av Tippen!!  Men då har eg jo stavane!


Her er provet på det! Utsynet! Me ser ned mot Hognestad.


Toppen på dagen var at me fekk besøk i dag og!   Herlege Guro med mannen Jakob. Kanskje dei ville koma og prøva kavringane ?  :)) Etter ei dryg melematsstund måtte han  ut att og fiksa på bil, men me strikkekosa oss!!!  :))

Ja det varmar når desse barnebarnsungdomane kjem til oss gamle!!!


Ha ei god  helg!

Klem frå  -mor Gunvor







fredag 12. september 2014


Ikkje heilt heldig kvar gong, nei! Og kavringane var litt harde! Eg må ikkje skryta so av meg sjølv! Men du skal få ein dag i morgon--- får eg sei! Det gjeld å ikkje gje opp!

Turen var det ikkje noko i vegen med! Kom heilt til Tippen! Gjekk fort og tok ingen bilete.
 Alle kan turen no etter kvart. Må finna ei annar ruta!


Så hende noko gildt!  Denne yndige og gilde dama kom stiltrande inn døra til meg !!! Å så gildt! Ho er ein resar i hekling, så no vart det hekleprat! Ja det er Marit, mitt barnabarn! Eg svulmar sv stolhet!

Og so ville ho ha oppskrift på kavringane! Det var fleire som ville ha det, så no skal eg skriva den her!


Skonrokker frå mi gode veninne Magnhild.

2,5 dl kveitemjøl
50 gr. margarin 
7,5 dl grov kveite ( litt kli)
1 ts salt
1 stor ss sukker
50 gr gjær
ca 0,5 l mjølk (halvparten vatn)  
175 gr.c  i 25 min
Tørking: 100 gr. c  med ovnsdøra på gløtt i minst 3 timar.

Slik gjer du:
Smuldra smøret i mjølet. 
Rør gjæren ut i litt av den fingervarme mjølka.
Rør veska oppi det turre.
La det stå lunt og hæva i bollen til dobbel størrelse.
 Rull ut bollar på mjøla bord.
 La dei hæva godt på plate  på ein lun plass.
 Steikast midt i omnen.
Del dei når dei er kalde og legg dei utover steikeplate til tørking i omnen.

Om dei ikkje vert heilt så sprø som du ynskjer første gongen, så ikkje gje opp. Sist eg laga vart mine perfekte, men denne gongen i ikkje så vellukka. Kanskje eg skulle tørka dei meir? 
Kanskje har andre tips for å få dei sprø?

Lukke til!

Klem frå  - mor Gunvor.

Ha ei god natt!!!

torsdag 11. september 2014

Eg kjenner ein ---




Gjekk meg ein tur i dag og. Reine  sommaren. Men eg kjende eg hadde vore husmor og fått laga kavring! Noko eg hadde emna på ei stund. Kavringane blei nett så god eg hadde vona på! Kanskje nokon vil koma og testa dei?


Heisann! Ein einsam kløverblom stod og "solka pelsen sin!" Eg snakka litt med han og han vart reint kry då eg tok bilete og sa han skulle få koma på blogga mi!
Eg kom ikkje leneger enn til ballane. Dei lyste og glitra  som eit vakkert perleband i sola!
Men i går  --- nei i



føreigår var dei slik! Då bles ein kald nordavind. 



Då gjekk eg like til tippen!



Graset ved bekken stridde hardt i nordavinden.


Og bekken var smalare  og glattare i yta.
Og i dag var han endå djupare og klukka og surla og mulla så stilsleg til meg der eg strevde meg heimatt til godstolen. 

Korleis blir dagen i morgon, tru? kanskje det er like greit å ikkje vita ---
 men eg kjenner ein som veit det -!!  :)))

Ha ein god kveld!

Klem frå mor  Gunvor