onsdag 29. april 2015

Ein vårdag


Graset veks om det er kaldt!


Her ser bonden ein bylgjande åker! Framtida har lært å pløya og kost seg med horving og velting!!

.

Her pludrar bekken livelg med meg på heimvegen.


Ein klut og ein




blondesokk venta på fingrane mine i godstolen!!!






Julegåver?

Kven veit??

Er det nokon som likar dei så  !   :))


Ha ein fin dag!



fredag 10. april 2015

Etter Påske

No har me hatt påske og me har vorte minna om KVIFOR me har påske.
Det er så mykje å tenkja på og grunda på der. Det er som det tek pusten frå meg .
Det er som ei sprudlande elv!


Gud sin bekk 

Gud sin bekk går alltid full,
Klår og skir som ekte gull,
Renn sin veg frå fjell til fjord,
Vaskar stein og vatnar jord.

Kastar seg i gjel og juv,
Vegen lagd av Herren Gud,
Knusest så til dropar små,
Kasta opp mot himmlen blå.

Ljoset brytst i Herrens ord,
Lagar himmelbru frå jord,
Doggar várt om veike blom
Som ved fossen fekk sitt rom.

Bøy deg og kom ganske nær
Vil du stilla torsten her.
Du får kraft til nye steg
på ein smal og kronglut veg.

****


Denne stod tett ved elvekanten. 



Ikkje så mykje liv her enno. men det ligg nedi det mørke. Snart spirer det fram!!

****


Var i ein Barnebarnheim og fekk både middag og ein herlig disert -i glas! Stilfullt - i blått gult og kvitt alt.  
Det har sine framdeler å vera mormor og morfar!!

****

Så fekk eg nåde til å gjera fedig "bladet" enno ein gong!! Her står det i ferdigpakka før eg vert køyrd til posten med det i går. 
No er eg litt tom. Tomt på skrivebordet på kontoret og.
Måtte desse enkle blada vera til velsigning for mange!!
Har og sendt ut mange pr epost. Det er jo billigare.

****

Så blei desse ferdige til ei eg er glad i! 
Veldig kjekt arbeid!!!

****

Ha fine vårdagar!

Klem frå  --- mor- Gunvor

onsdag 1. april 2015

Deh gamle kastanjerota blømer!


Du store min! Der har han vore og planta!
Eg veit at han og har sådd gras rundt om! Her blir det fint!


Og på veggen har det og kome  blomar!