søndag 10. april 2016

Oppdatering




Nei no er det lenge sidan eg har vore her!
Mangt har hendt og våren melder seg!


Der grantrea stod digre, er det no klart for å byggja på murane! Utsynet er vidt og nordavinden har har klar bane!
Under dette me ser her ligg mykje arbeid. Legg merke til veden dei verkar opp og lør i sekker. Mange slike! Flittige hender!


Gamle garasjen må vekk, og ja, den unge kastanjen "min " Eg fekk ikkje sjå knuppane svella ut på den i år!

Her er garasjen pinneved.


Etter at Arne har saga, var det lett for gravemaskina å vifta kastanjen fleir meter vekk.


Eg kan fylgja med på senerariet frå orkesterplass innfor kjøkenglaset!


Så kom endeleg tida for støyping!


Vedarbeid.


Innimellom alt dette går dagane med sol og regn, storm og skodd. Og livet går sin gang.
 Som tidast er det nokon som blir eit år eldre. Det må feirast. 
Eg blei og eit år eldre og laga to kaker og sa at eg hadde det! Kom ikkje på at  minst 24 kom på to dagar! 
Men snakk om velsigning!  Nokon kom med bollar, og ei med Brovnis, eller kva det heiter, ei kunne koma å hjelpa alt eg trong! og alle var villige med alt! 



Stor semning i ungdomskroken når bestemor lærte seg "selfis" 
Dei meir stødige sit i bakggrunnen.


Elles så er det dei fargane då, som eg er så fasinert av. 
Eg strikkar for livet, for dei fyller år heile tida! :)


Og så er det toppen når ei slik solståle stikk innom !

Oldebarnet, Rebekka!