fredag 25. desember 2015

" Engler daler ned i skjul"!


Eg er så glad kvar julekveld - for då vart Jesus fødd!


Enno ein gong pynta han julegrana !

Og alle våre har det bra. Me har ymse kontakt, via intenett,  telefon - og fjes til fjes!


Me har endå til fått kosa oss med ei solståle av eit oldebarn!
 Born ,barneborn og sysken har me og god kontakt med!
Me har veldig mykje å vera takksame for!


Ein dag sola var på det lågaste fekk eg denne sonedgangen! Ja det var så vakkert og tru-styrkjande!
Nå blir dagane ein grand lenger for kvar dag som går og. 


Ein dag  like oppunder jul opplevde me det ringde på døra. Og me fekk i hende ein pakke, heilt uventa og utan nokon forklaring på kvifor me fekk han. "Det er ikkje til OSS," sa eg.men det var det. God jul frå Ungdomstreffen stod det på lappen.
Inni papiret var ei lita øskje , og inni den, fint innpakka, ein fin engel!  "Alle fekk, sa dei som kom med han. 
Altså - let dei "Engler dale ned i skjul" tenkte eg og vart veldig varm inni meg. 
No står engelen framme og minner meg om å be for Ungdomane der dei treffest, og leiarane!


Mange gleder hadde eg før jul og. Eg grua for alt som måtte gjerast. Men det blei ei råd!


Her er hjelpande hender ! Elles kom det mange gode ting som hamna i frysaren eller kakeboksar.
Og ting vart utført fint og godt av desse og andre hender.
Og me får nyta godt av stor givarglede!
Slikt er til å bli rørt av. 
Stor takk till alle dykk kjære!


Her ser eg solnedgangen.

Eg ser jo det at eg blir gamal. Men det minner meg om at - som det står i skrifta:
Lær oss å telja våre dagar ---

Men du og du kor mange gilde dagar å telja!!

Klem