søndag 11. september 2016

Dillesokk.

Dillesokk
 heiter eit mønster på ein sokk Bitta designar på strikkegruppa si på Facebook. Eg vil ikkje sei den er spesiell fin, men eg har det slik at best det er er det eit sokkemønster eg berre MÅ strikka!

Men dette vart veldig didle å få til. 

Eg fann meg garn som eg tykte var både fint i fargen og serdeles mjukt og herleg! Det var einaste det at det var litt for kjukt til den oppskrifta. Men pytt, det fiksar eg! - tenkte gamlemor og berre kutta ei maske her og der!  
Men eg hadde jo starta og laga ei vrangbord til eit anna mønster! Uff, men rekkjer ikkje det! Det passa ikkje heilt inn, verken slik som eg likte det eller slik det skulle vera. Men no sette eg altså ivrig i gang. :) I oppskrifta stod det at eg skulle strikka bakdelen på leggen først, men kom i skade for å ta framdelen først! Pytt, det fiksar eg etter kvart!
Men det vart litt hovebry og krysss i tankane, - for framme og bak på leggen var ulik og,  - og kor var det no eg kutta dei maskene?
Eg snudde og vende og talde og talde! --

Men til slutt kunne eg stolt ta bilete av fyrste sokk, og gledde meg til neste!

Men kor i verda var det no? Mønsteret skulle vera omvendt  på andre sokk!!!! Eg skulle jo strikka frå venstre til høgre på venstre sokk! Ikkje sånn som me pleie frå høgre til venstre! --- eller var det omvendt? Og so hadde eg jo strikka høgre i staden for venstre sokk først i starten! Eg måtte ta han på og forsikra meg om det! Mønster fint frammover kvar stortå skulle det vera,. Og så eit lit enklare mønster på eine sida bak på leggen.
(Men, -  mine auge er ikkje sånn at eg ser så godt ned på tå og hel, og min kropp er heller ikkje sånn at eg kan ta foten i fanget!)

Jaja, nok om det,  her er beviset på at det vart sokkar, to stykker endåtil! Men eg må nok ha dei sjølv, for ingen ting stemmer heilt.

Men så vart eg så dregen til eit garn som passa heilt til denne oppskrifta!
Best det var hadde eg lagt opp! 
No skulle ALT gjerast skikkeleg! :)
Eg sat og smilte og var SÅ nøygd.


Leggen vart bra!



Godt med lupelampe!


-----  berre det at no har eg laga helen så forkonande liten
på første sokk!! ---

Men no er eg godt i gang med andre. DEN skal i allefall verte rett!! Får heller rekkja opp og spøta ny tå ---

Er det rart at det er fredag heile tida? 

Eg skjønar ikkje kva eg kavar etter! Ikkje er det sikkert så mange bryr seg om å få dei heller!!

Har minst to par sokkar opplagde og eit stort teppe som skulle vore ferdig + planar om fleire andre tepper. 

*

Eg takkar Gud for han skapte fargar!

Når det er så fint i naturen og - i garn, - kor må det ikkje vera i himlen då??

*

God strikking!







Ein sommar er over








Lyng er komen i staden for utblømde sommarblomar.


Utsynet frå kjøkenglaset. Alle bilane har gøymt seg bak flotte dører!

Men sommaren var slik


Og slik

Og slik, !!!!!

Og litt arbeid med dette!

Ein tur på Høghuset!

Terasseliv!

Litt tur og

Barnebarnsbryllup!


Stolte konf-foreldre. Dei var og sølv-brurpar litt seinare!
Toril fortograferer..

Masse strikking og

litt hekling.

Besøk har eg og hatt, men då har eg ikkje stunder til å ta bilete!!!



Ha fine septemberdagar!







søndag 10. april 2016

Oppdatering




Nei no er det lenge sidan eg har vore her!
Mangt har hendt og våren melder seg!


Der grantrea stod digre, er det no klart for å byggja på murane! Utsynet er vidt og nordavinden har har klar bane!
Under dette me ser her ligg mykje arbeid. Legg merke til veden dei verkar opp og lør i sekker. Mange slike! Flittige hender!


Gamle garasjen må vekk, og ja, den unge kastanjen "min " Eg fekk ikkje sjå knuppane svella ut på den i år!

Her er garasjen pinneved.


Etter at Arne har saga, var det lett for gravemaskina å vifta kastanjen fleir meter vekk.


Eg kan fylgja med på senerariet frå orkesterplass innfor kjøkenglaset!


Så kom endeleg tida for støyping!


Vedarbeid.


Innimellom alt dette går dagane med sol og regn, storm og skodd. Og livet går sin gang.
 Som tidast er det nokon som blir eit år eldre. Det må feirast. 
Eg blei og eit år eldre og laga to kaker og sa at eg hadde det! Kom ikkje på at  minst 24 kom på to dagar! 
Men snakk om velsigning!  Nokon kom med bollar, og ei med Brovnis, eller kva det heiter, ei kunne koma å hjelpa alt eg trong! og alle var villige med alt! 



Stor semning i ungdomskroken når bestemor lærte seg "selfis" 
Dei meir stødige sit i bakggrunnen.


Elles så er det dei fargane då, som eg er så fasinert av. 
Eg strikkar for livet, for dei fyller år heile tida! :)


Og så er det toppen når ei slik solståle stikk innom !

Oldebarnet, Rebekka!   

søndag 17. januar 2016

"Brøyte seg ryddning ---"

"Hugge vekk alt som ---
Hugge seg sol til alt fagert og ungt!" --

Sukk frå gamlemor: Åh! Dei er så store! Kor vil dei falla? Rekk dei husa?
Hugsr vel når dei plantast, småe duskar!
Men ungdomen står klar med reidskap og kunnskap. Dei aldrande held seg i bakgrunnen, stoltheten gøymer dei vel.


Her har fleire tre falle perfekt. Men dette har liten plass å sikta seg inn på. Her skal lina frå  traktoren festast i treet.


Rett før ho deiser i bakken --- på perfekt plass -- denne og!!
Letta pustar me ut!

FOR nokon karar!!

Takken stig til Han som hadde ei hand med i laget - utan at me så mykje som merka det ein gong!!

Og der er mange tre att!


I det siste har "turen" min sett slik ut, så det har berre blitt nokre rundar i hagen. Skyr alle vegar, for der er det skummelt.


Og så har eg dette å gleda meg til inne!! 

Ei "blomeoppskrift":
 Først ein ring, 
og så ein til!
Og så hoppar eg frå blom og tigg, - dei finaste eg finn!!


Må vist la det bli litt lenger -- og så er det halve blomar rundt heile teppet, for å få bein kant, før eg avsluttar med doble stavar i ein farge som ev vald av han som skal ha det!

Har alt begynt neste i tankane  -- 

"viss eg leve og ha helso, dao" - som dei gamle sa.

Ha gode januardagar!!

fredag 1. januar 2016

Godt nytt år!



Siste dagane i 2015 var blåsande og fulle av allslag uver, men mellematstider siste dagen letta det  og sola kom inn under skjylaget og sa liksom farvel til gamleåret! 


Første dagen i 2016 kunne eg gå tur i stilt fint ver, og same sola helsa meg !
Det minner meg om at Herren er den same, og han smilte og sa :

Her er eg! Ver ikkje redd om det stormar! Eg er med deg alle dagar , og alle slags dagar.! 


Her tittar snøklokkene opp i dagen!


Etter julrgåvestrikk, jul og feiring, må me snart rydda det heile bort - til neste jul!

Men han som kom julenatt er her hjå oss!

Sola stig høgare og høgare på himmelen -


-  og snart er det slik !!

Me må berre nytta tida og telja dagane!

Og det er mange som treng oss!

Statsministeen tala nettop og minna oss om alle flyktningane!

Men me seier vel det, me som har levt veldig lenge:  Eg han då ingen ting gjera ?!

Men medan eg sit og  lagar lykkje på lykkje, og til slutt blir det eit plagg. Eg kan føya til ein god tanke - ei bøn - i lykkjene - for den som skal få det eg lagar - og for alle eg kjem på!

Me er mange som strikkar!

Det er ikkje fånyttes!

"Det er makt i de foldede hender!"  
(me kan be om me strikkar og)


Godt nytt år!