mandag 17. april 2017

Ny vår






Første løvetann
 eg har sett i år! Litt pjuskete. Men så er der ikkje mange gradene i dag. Skyene fer fort over himmelen og lagar skugge-felt som jagar fort over kjelvene. 


Graset veks,
 men bonden kjem ikkje utpå med maskinene. Hevdakummane er fulle og han må berre roa seg med andre ting.
Men best det er, er han nok i sving og det durar og luktar akkurat som før på Jæren!!
Dynekåpa er på, godt snurpa saman, men hendene frys så gamlemor må rista dei i sola ein grand, før dei grip om stavane og nøyer resten av kroppen opp og ho stegar på. Strekkjer hofter og kne og brettar ut tærne så godt det let seg. 
Heimover trengde vinden inn dei minste gliper i påkledinga! Men det er FRISK luft til lungene! Litt ispedd møkalukt fordi bonden hadde prøvt seg med nokon lass på laurdag. Det får ein tola. Snart kan ho ikkje gå her for lukt og maskintrafikk.
Lerkesongen trengjer gjennom hue og hette og gjer ho glad, og ho må nynna på de  Å, vesle lerka ho har det slik at finn ho ein tuetopp, då vert ho rik! ---- Tankane får ei god vending! Ja ho er rik,
 veldig rik!
Tankane på kvinnene som gjekk til ei grav og tenkte å stella vel med ein død kropp og gråta, dei opplevde eit Pang i sitt liv som ingen andre, verken før eller seinare har opplevd! Jordskjelv, lyn og englesyn så blekjande og kvitt som ingen kan forklara! Han er ikkje død, men lever!
Skunda dykk til venene hans!  Og fortel! Det er sant det han sa!
No ville ho heim og sjå kva det eigentleg stod. Var det ikkje i Matteus evangeliet 28 nett dette stod?

Ha ei god påske vidare!