mandag 12. januar 2015

Sku mot himlen!


Har vorte for lite turar i det siste. Dagane er så stutte, og små stunder mellom byene, - og litt latskap er vel grunnen. Ein dag eg tok ut var det veldig grått og tungt og eg gjekk der og såg i vegen på pøysene og sorpa og tykte det gjekk litt seint, Trea ved vegen stod der og sprikte og risla med greinene i den vesle vinden. 
Så tenkte eg at når eg ikkje fekk ta inspirasjon i naturen, så fekk eg finna noko inni meg!
 Eg hugsa noko frå noko eg las at om me er oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe.
"Sku mot himlen, løft ditt øye!"
Eg måtte smila og såg opp på himmelen som var full av skyer, men og ei revne i skydekket der den blå, klare kimmelen kom til syne!  Snart var det eim stor opning! Nydeleg!

Eg vart så glad og full av gode tankar!

Ikkje sjå –


Sjå deg ikkje rundt omkring
då blir du forvirra
av dei mange verdens ting
som kan lysta pirra.

Stir ei inn i eiga sjel,
mismot det vil skapa,
ikkje sjå på andre hell’,
då du lett vil tapa.

Sjå på Gud, vår Frelsarmann
over alt og alle!
Er du fokusert på han,
vil du ikkje falle.

*


I mi vesle verd går det på strikking. Lubber til driftige, folk som trålar fjosgangar og ferdast i frisk luft i allslag ver. Her er nett eit par ferdig og



her er det eg har på pinnane nett no. Spandert avanserte fletter på desse. Lærer så mykje på Fac-bok-strikkegruppa!  Ikkje heilt utan feil, ser eg. Såg ikkje så godt i gårkveld. 
Bestiller garn og får det rett heim! Skal no prøva det ut. Veldig godt å strikka med er det i alle fall. 

Ha gode januardagar!

Klem

--mor Gunvor

søndag 4. januar 2015

Sundagsmorgon!


Det er sælt å stå opp ein sundagsmorgon og sitja sånn i fred med ein kaffikopp og egget! Og så få eit så godt ord frå Bibelen frå Bibelboksen! Gale ikkje alt kom med på biletet. men me kan det og det er ei lyst å referera det! 

For så høgt har Gud elska verda-(meg , Gunvor, og deg --)at han gav son sin den einborne for at kvar den ( eg - du) som trur på han ikkje skal fortapast, men ha evig liv!
*
Og så slå på radioen og få Sangtimen!

Bjørnstjerne Bjørnsons sang: Løft ditt hode du raske gutt! 

Løft ditt hode du raske gutt
om et håp eller to ble brutt
blinker et nytt i ditt øye
straks det får glans av det høye!

Å eg blir ung att og kjenner at nye håp blinkar!! Gløymer eg er snart 83 og ei gamal kjerring!

Løft ditt hode og se deg om!
noe er det som roper kom! -
noe med tusene tunger,
som om freidighet sjunger.

Løft ditt hode ti i deg selv
blåner også et utstrakt hvelv,
 hvor det med harper klinger, 
jubler, toner og svinger.

Å ja han kan få sagt det! slik er det!

Løft ditt hode og sjung det ut!
Aldri kuer du vårens skudd;
hvor der er gjærende krefter, 
skyter det året efter.

Løft ditt hode og ta din dåp
 Av det høye, strålende håp,
som over verden hvelver
og i hver livsgnist skjelver!

*

So sit eg der ved kjøkenbordet og lar tankane gå og augene fylgjer kastanjetret sine forgreiningar rett utanfor kjøkenglaset. Ute i tuppane er knuppane blitt større for kvar dag! Tykkjer faktisk det skin i dei! Der må vera gjærende krefter! Våren er på gang!

*

 Ute på kontoret strevde eg i går. Strikka medan kopimaskina leverte fint ut ark for ark med sider til Nytt om IraqwBibelen, Strikka for livet. mellom Julesamlingane har det blitt nokre nye lubber til frosne føter med tunnslitne lubber. Helst til dei som slit mest og ferdast i fjos og løe desslike.


Skjerfet eg bala med før jul, er ferdig og er med i konkuransen om ein eller annan premie på Fjesboka. Her er det kjeresteparet Gjertrud og Vegard som prøvekjører det. Born og barneborn trekte lodd om det og det blei Anne som er vinnaren. Venter på henne før ho reiser til Oslo, til studiene att.


Skaffa meg sokkebok og klutebok, så no aular fantasien! kanskje nokon får eit produkt viss dei er tolmodige!
For Primula og andre tepper ventar og på å verta ferdige!
Oisann!  - skulle vore 20 år!


Denne apelsina (eller er det mandarin?) fekk eg frå Albania hos vener til Marta som har leileighet der, (som ho gjerne leiger ut). Og så fekk eg


desse fine, varme og gode tøflene!
Me har så smått lova ta turen ned saman med døtrene, til sommaren!



Klem frå --mor Gunvor

torsdag 1. januar 2015

Godt nytt år!


Godt Nytt år!

Så er me inn i 2015 og har rakett-blenk på netthinna og bulder og brak i øyrene. Sjølvom me sat trygt inne i stova så merka me det.

Me har og jula bak oss. Me har Jesusbarnet i krubba og på netthinna, og veit at det vesle barnet kom som verda sitt lys og berging.

 Ordet blei kjøt og tok bustad mellom oss.

Det er liksom for stort for oss og litt mystisk - uforsåeleg.

Eg ser for meg det vesle barnet, ja eit lite menneskebarn. Så lite og heilt hjelpalaust. Og så herleg vakkert og yndig.
Det kallar på så myke godleik i oss. Me har hug å halda det , hjelpa det, trøysta og stryka den fine huda!
Det det dreg til seg kjærleik og godleik.
Eg tenkjer, - det er som ein omvendt rakketteksplosjon som går innover mot sentrum, i staden for å spreiast ut.
Slik er jo Jesus. Han vil dra alle til seg. 

Han som vil at alle menneske skal bli frelst!

Men så tenkjer eg og at han var som ein rakett Gud hadde på lur frå frå "tidenes morgon". Og så, -  då tida var inne let han denne raketten fyra av julenatt i år 0.

Då var det ei stjerne - og ein engel - ja mange, som lyste opp natta, ja Herrens herlegdom lyste kringom nokre alminneleg folk på marka - som vart redde, men  engel sa:

Ver ikkje redde for sjå, eg forkynner dykk ei stor gleda - ei glede for alt folket.
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias , Herren. og det skal de ha til teikn: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.
Og med eitt var det ein stor himmelhær saman med engelen som lova Gud og sa:

 Ære være Gud i det høgste, fred på jorda, og Guds hugnad med menneske.

Og heldigvis gjekk desse alminnelege folka  og ville sjå ---.

Lat oss alle gå og sjå om me finn dette barnet som er sveipt og ligg i ei krubba!

" og finner du ham, da finner du alt --- "


Englesong

1. Sjå, nokre slitne arbeidsmenn
sat nattevakt for buskapen.
Så kvakk dei til av ljoset mildt;
ein Herrens engel kom så stilt.

2. Der stod dei, redde, - i ein glans,
eit ljos dei ikkje trudde fanst.
-Ver ikkje redde, sjå eg har
godt nytt frå himlens Gud og Far:

3. For første gong på denne jord
Fekk nokon høyra slike ord!
Om fred på jord og frelse sann,
for alle folk i kvart eit land! 

4. Det song i hjarta deira då
Dei snakkast  om å gå og sjå!
Til barnet glad dei gjekk avstad
og fann det slik som englen sa. 
  
 5. Og englesongen bar dei med
når dei til arbeids for med fred.
Og seinare gjekk englesong
frå sjel til sjel, ja gong på gong.

6. Me òg må  ut i natta svart,
med himmelbodet mildt og klart.
Om mørkret råder over alt. -
så må me vera ljos og salt.

7. Og engletonen lyda skal,
for alle folk i verda all,
frå sjel til sjel, eit veldig kor:
       No er han fødd, vår Frelsar stor!  

*     
                       
Takk for sist til vener me feira Nyttår saman med +


vertsfolka.

Sjølv Reier må trykkja på nyaste nye innan "fonar"!

Vonar det nye åre vil bringa gode ting og tider til oss alle!

Helsing - mor Gunvor.