tirsdag 9. september 2014

Ikke alle dager er like


I dag ser det slik ut på kjøkenglaset mitt! Tru eg kjem ut på tur?


Men i går låg lauvat lette på plenen etter noko vind.


Men vinden hadde ikkje teke hårpryden til denne!
Sol og lette skyer lyste mot meg i vest og bekken hadde tona ned litt.


Og himlen spegla seg i pyttane som enno var att. 


Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå:
Å leva, det i arbeid mot rikare mål og trå.

Å leva, det er i livet å finna det største verd;
Å leva, det er å vinna til sanning i all si ferd

Å leva, det er å leggja all urett og lygn i grav;
 Å leva, det er som havet å spegla ein himmel av.

Anders Vassbotn 1892

Sjølv ein vannpytt i vegen kan spegla ein himmel.!  :))


Eg gjekk mot sola mellom snaue kjelver i same lerkelyd som sist! Det var eit liv utan like!


Eg kom lenger enn til dobbelrekkja av ballar før eg snudde. Men då hadde himmelen fått mørke skyer i aust. Som truagnde torever! 

Slik er livet og! Skiftande.

Ikke alle dager er like, alle ei på glede er rike.
Ikke hver en dag nyter sjelen samme ro,
men hver en dag jeg kan på Jesus tro.
:/: Hlleleluja, halleluja, at hver en dag jeg kan på Jesus tro! :/:

Sigvard Engeset

*

Tusen takk for gode tilbakemeldingar her og på fjesboka! Det varmar!


Klem frå mor - Gunvor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar