søndag 7. september 2014

Etter regn.



Heisan! Her er bekken stor, du! Det regna godt inatt. Kjekt å gå med bekkebredda i bruset frå han. Eit stykke, der det hallar aldri so lite, er han meir høgreysta og vill.  


Nedom brua tek han heilt av! " - kvi hasta so, å stogga no, og leik med meg ei stund", syng eg. Men han skrålar: " eg har kje tid ----" Ja so får du berre fara då!


So er eg komen heilt til dei ballane me såg i det fjerne i går! Det er jo dobbel rekke! Og eg gjekk vidare medan lufta var full av lerkesong og lerker! Dei trilla og tirla  som den tidlege vårdag! Sola skein inn under ein tung himmel. Det var vel det dei tykte var så fantasisk, dei og! Det var enno tidleg på dag.


Seinare på dag var me to som gjekk ned til elva som var veldig! Det var vått og surkla der me gjekk på reina. Han såg etter fisk, men vatnet var brunt. Og eg tykte alt var fasinerande vakkert å gå der i den ulende urskogen som Lunden er, - i den veldige elvesusen.


Ha ein god sundagskveld vidare!

Gunvor

(Hadde vore gildt med ein kommentar - på godt og vondt :))  




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar