Dagsens auga sloknar ut,
kveldsol ned i vester glader,
skuggen stif frå dal til nut,
mørret sigrar alle stader.
Jesus hjartans sol og skatt,
Jesus ver mitt ljos i natt!
Dette verset song me ofte etter far hadde "lese litt" (kveldssandakt) i barnomen min.
Eg ser og for meg sola når ho gladde bak fjella eller i fjordgapet der himmel og fjord nesten møttest, og himmelen og den breide fjorden synte seg i slik fargeprakt du ikkje kan ana utan å ha sett det. Det er uråd å setja ord på det. Og skuggen laseg over alt til slutt. Men det tok tid å verta mørkt for himmeln var veldig vid over fjorden - som spegla himmeln.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar