fredag 5. september 2014

Det haustar

Atter ein fin dag! Men no har vinden ruska i trea og lauvet har funne fine plasser å vera! Kjem an på kor lenge det får vera der før hagemannen kjem med riva!

Og plen klyppare feiar over den frodige plenen der kastanjelauvet har funne seg seng.

Graset ligg i luftige rankar rett før maskinane dundrar over og pakkar det i kvite ballar.




Bekken sullar og lullar til meg der eg går på reina på nyslegen kjelva. Han har gøymt seg langt nedi skuggelandet no. Kviler seg etter buldringa for nokre dagar sidan.

 Gut som sel fisk under krigen. (Frå Krigsmuseet.) Flott fanakofta og lua! Etter det eg hugsar, var kleda meir loslitne enn som så når det lei uti krigen! Men her har han nok pynta seg for å selja til fine fruer!


Har han ikkje fine våttar? Trur eg må prøva laga slike!


Elles er eg komen eit stykke på neste teppe. Kjekt å sitja ute med det i sola!


Ha god helg!

Klem frå Gunvor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar