Godt Nytt år!
Så er me inn i 2015 og har rakett-blenk på netthinna og bulder og brak i øyrene. Sjølvom me sat trygt inne i stova så merka me det.
Me har og jula bak oss. Me har Jesusbarnet i krubba og på netthinna, og veit at det vesle barnet kom som verda sitt lys og berging.
Ordet blei kjøt og tok bustad mellom oss.
Det er liksom for stort for oss og litt mystisk - uforsåeleg.
Eg ser for meg det vesle barnet, ja eit lite menneskebarn. Så lite og heilt hjelpalaust. Og så herleg vakkert og yndig.
Det kallar på så myke godleik i oss. Me har hug å halda det , hjelpa det, trøysta og stryka den fine huda!
Det det dreg til seg kjærleik og godleik.
Eg tenkjer, - det er som ein omvendt rakketteksplosjon som går innover mot sentrum, i staden for å spreiast ut.
Slik er jo Jesus. Han vil dra alle til seg.
Han som vil at alle menneske skal bli frelst!
Men så tenkjer eg og at han var som ein rakett Gud hadde på lur frå frå "tidenes morgon". Og så, - då tida var inne let han denne raketten fyra av julenatt i år 0.
Då var det ei stjerne - og ein engel - ja mange, som lyste opp natta, ja Herrens herlegdom lyste kringom nokre alminneleg folk på marka - som vart redde, men engel sa:
Ver ikkje redde for sjå, eg forkynner dykk ei stor gleda - ei glede for alt folket.
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias , Herren. og det skal de ha til teikn: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.
Og med eitt var det ein stor himmelhær saman med engelen som lova Gud og sa:
Ære være Gud i det høgste, fred på jorda, og Guds hugnad med menneske.
Og heldigvis gjekk desse alminnelege folka og ville sjå ---.
Lat oss alle gå og sjå om me finn dette barnet som er sveipt og ligg i ei krubba!
" og finner du ham, da finner du alt --- "
Englesong
1. Sjå, nokre slitne arbeidsmenn
sat nattevakt for buskapen.
Så kvakk dei til av ljoset mildt;
ein Herrens engel kom så stilt.
2. Der stod dei, redde, - i ein glans,
eit ljos dei ikkje trudde fanst.
-Ver ikkje redde, sjå eg har
godt nytt frå himlens Gud og Far:
3. For første gong på denne jord
Fekk nokon høyra slike ord!
Om fred på jord og frelse sann,
for alle folk i kvart eit land!
4. Det song i hjarta deira då
Dei snakkast om å gå og sjå!
Til
barnet glad dei gjekk avstad
og
fann det slik som englen sa.
5. Og englesongen bar dei med
når dei til arbeids for med fred.
Og seinare gjekk englesong
frå sjel til sjel, ja gong på gong.
6. Me òg må ut i natta svart,
med himmelbodet mildt og klart.
Om
mørkret råder over alt. -
så må me vera ljos og salt.
7. Og engletonen lyda skal,
for alle folk i verda all,
frå sjel til sjel, eit veldig kor:
No
er han fødd, vår Frelsar stor!
*
Takk for sist til vener me feira Nyttår saman med +
vertsfolka.
Sjølv Reier må trykkja på nyaste nye innan "fonar"!
Vonar det nye åre vil bringa gode ting og tider til oss alle!
Helsing - mor Gunvor.
Ja det er et utrolig under som skjedde i forbindelse
SvarSlettmed Jesu fødsel. Så uperfekt i både omgivelser og
de som først kom å hyllet det. Tenk hyrdene som
ble sett ned på var de som først fikk beskjed om
at Jesus var født. Så godt at vi ikek må være
perfekte for å komme til Jesus.
Vi kan komme akuratt som vi er
Tenk om vi klarte å formidle det til flere mennesker.
Takk for koselig bloggfellesskap med deg.
Ønsker deg et velsignet godt nytt år :)