"Hugge vekk alt som ---
Hugge seg sol til alt fagert og ungt!" --
Sukk frå gamlemor: Åh! Dei er så store! Kor vil dei falla? Rekk dei husa?
Hugsr vel når dei plantast, småe duskar!
Men ungdomen står klar med reidskap og kunnskap. Dei aldrande held seg i bakgrunnen, stoltheten gøymer dei vel.
Her har fleire tre falle perfekt. Men dette har liten plass å sikta seg inn på. Her skal lina frå traktoren festast i treet.
Rett før ho deiser i bakken --- på perfekt plass -- denne og!!
Letta pustar me ut!
FOR nokon karar!!
Takken stig til Han som hadde ei hand med i laget - utan at me så mykje som merka det ein gong!!
Og der er mange tre att!
I det siste har "turen" min sett slik ut, så det har berre blitt nokre rundar i hagen. Skyr alle vegar, for der er det skummelt.
Og så har eg dette å gleda meg til inne!!
Ei "blomeoppskrift":
Først ein ring,
og så ein til!
Og så hoppar eg frå blom og tigg, - dei finaste eg finn!!
Må vist la det bli litt lenger -- og så er det halve blomar rundt heile teppet, for å få bein kant, før eg avsluttar med doble stavar i ein farge som ev vald av han som skal ha det!
Har alt begynt neste i tankane --
"viss eg leve og ha helso, dao" - som dei gamle sa.
Ha gode januardagar!!
Godt med god ved til neste vinter også.
SvarSlettHer går i hvert fall veden unna for tida.
Kos deg med heklingen i kulden :)