Snøklokkene kjempar om plassen i lauv og kvist, Men Gartnaren ligge på veret. I dag har det vore heilt gale. Har ikkje kome meg ut på tur eg heller. Ville vore og sett om bekken var stor. Han har vore brun og stor lange. Pøyseme i vagspora har vore nærast samanhangane til tider og vanskeleg å gå turrskodd midt på vegen og somme stader.
Primulateppet er kome framatt og
Kluteboka har og vore til inspirasjon.
Sokkane får venta , dei som ikkje er snart på eg til nye eigarar.
Spøt er kome i taska og sokkespøt i koffart. Ja for no skjer det store ting!!
Gamlemor legg seg på vengene og legg vinter og rusk bak seg og fer til varmare land! Ken skulle trudd det?!!
Men sånn er det når ein har datter som elskar ein! Og syster i syden som trekkjer!
og ein familie som seier hysssj-- i veg med deg!!
Pluss ein som syter for allslag forsikring og helsekort og greier! Den beste halvedelen av meg!!!
Og jammen trur eg det er endå ein som trekkjer i trådane og lagg det til rettes!! - som har all makt i himmel og på jord!!
(Men eg er ikkje høgare i hatten enn eg ynskjer at alle de sender opp bøner for meg og mi vågale reis!)
Velsigning kallar eg det!!
Klem til alle mine venner og kjære!