onsdag 23. september 2015

Herleg tur!


På den nyklypte reina la eg ut. Tungt i starten, men gløymde alt som var bale! 
Veret var så stålande og fint!
 Sola og den friske vinden gjorde så godt. 
Og eg  vel å tru at dei har klypt denne "vegen" berre for meg! --


Kvar eg  vende meg var det så vakkert! 


Vinden suste i  raunane ved vegen


som raudna av skinande bær.

Der var det ei lerka med sitt trill og!

Ei veldig lukkekjensle fyllte heile meg!

Tenk at eg og gjekk dobbelt så lang tur enn i går. og dagen før det!

Før det hadde eg ikkje gått tur på lenge- --

Rektig nok såg eg ikkje så tydeleg alt, - men fargane var der! 


Og fargar har eg inne og!

Å du fryd i mitt sinn!




Ha gode turar, de og!










1 kommentar:

  1. Eg vil heim å gå ein lenge tur på Jæren,.Gå langs steingard finna fram i mark og hei. Der er ingenting eg heller ville gjer enn det å rusla slik blant barndoms sti og vei....... Fine bilder, mor. Nyt dei fine haustdagane på Jæren. Marta

    SvarSlett