mandag 7. august 2017

Sundagstur.



Mykje har eg strikka og



 mykje har eg opplevd som kunne forteljast om.  Litt har eg gått tur til bekken og "bakken" , slikt som eg skreiv om før. 
Men det er vanskelegare å ta bilete .  Må helst byta briller, og så dett stavane! Jaja viktigaste er å halda seg på føtene og sjå alt det fine rundt!

Men i går tok Brita meg med på ein tur langs den " sju mil lange låge jæratranda og kom til slutt, med bilen, like nedi steinane der havet braut på , om ikkje med dunk og dyn og lange brak, eller gjennom havskodde, som Garborg seier. Nei havet glitra så infernalsk at det var mest vondt! 



Ei sterk oppleving der minna strøymde på så eg knapt kunne anda.
Då var eg i YtreÅlvik, der me budde ein vinter like i sjøkanten og fekk bølgebruset og klukkinga i sjela.
Og eg var i Tveitefjøra med tang og steinar og gloheite svaberg. Der me lærde symja og vart som kobbar og sumde likemyke under som over sjøflata!

Men eg måtte no terga bølgjene litt !

Men dei er lumske og best det var bruste ei svær ei like om føtene!!

Til all lukke fekk ikkje fotografen tid til å ta video av flukta!! (Eg heldt meg på føtene)

Men eg kan no sei at bølgjene var MYKJE større enn på bileta!

Ha ein god sommar vidare!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar