søndag 15. november 2015

Atter ein fin haustdag!


 Under den mørkaste skya på biletet, over granane, kan de sjå ein regnboge!


Treet har fått lang skugge, endå det er midt på dagen.



Midt på biletet ser me "eika mi" for ei veke sidan. Her har ho gyllent lauv.



Tre gonger har han min lødt opp denne gardstubben!


Her vart det ryddig og fint!




Her er ikkje den yngre garde heilt ferdig, men tydeleg at han har "det i nevane"!!




Stor kunsnar!



Vassa i vese lauv. --- Høyrer du lyden?



November !

Denne heng på terasssen enno. Treng ikkje kjøpa advendstblom!


Prøvde meg på ein liten porsjon kavring!
Ser bra ut, men vart ikkje så gode som Magnhild sine!



Men garnkorga og pinnane ventar !  :))))

Men ka ska eg velja fyst?

Ha godde novemberdagar!



mandag 19. oktober 2015

Velsigna soldagar i oktober.


Blomane på troppa står like fine etter nokre netter med hela i hagen!


Turen var still og vakker, men sola varma i nakken på heimvegen. Fargane er så vakre og varierte!


Her tenkjer han på våren!


Stolen står der innbydande ved hortensiaen som blømer fint.





Kornellen gløder i kveldsola!




Og georginene har ikkje gitt opp.



Bak løa har kalvane kome i hus.


Og maskinane har fått ein omgang olje etter grundig vask,




og turkar seg i sola, straks før dei dei vart på millimeteren oppstilte i løa der ballar og anna var fint stua vekk rundt kantane.

Gamlemor likar det ho ser!!

**


Men her kunne det lett gått skikkeleg gale!

Denne var litt for lite steikt oppå, og eg prøvde leggja eit bakepapir over. Då kom det oppi taket på omnen og tok brått fyr! 
Eg drog det snøgt ut, men då sod det i full loge. Det hjelpte ikkje å skrukka det i hop med hendene: Kjære Jesus! sa eg høgt, for eg såg for meg gardinene i nærleiken i full fyr, og stappa eld og glør inn i  omnen. Med same eg sa "Jesus" slokna det, men brann ut omsider etter eg lukka omnsdøra. Brannvarslaren reagerte ikkje, for det var ikkje røyk anna enn inni omnen.


Her ligg restane etter papiret etter eg tok ut kaka  - som var litt mørk oppå, men vel etande!

Ikkje bruk bakepapir slik eg gjorde!

Det var eit stort sjokk. Men eg takkar Jesus som var der!

Det er hjelp i Jesu namn


Ha gode haustdagar!!



onsdag 7. oktober 2015

Litt tå kvart i oktober.


Den store lønna har strødt sine blomar!
                                             
                                                   
                                                                                                                                                                                           Bakom løa var det aktivitet! Her skal det støypast! Lærevillig og arbeisam kar får gode råd!

                            
Bonden sjølv har andre ting å gjera,


Men å pussa til slutt gjer han best sjølv. Problemet var berre att det kom stadig vinkuler og føykte lauv og graps inn på støypeflata! Medan eg stod der kom ei kraftig rosa og føykte opp både lauv og  papirsekken, bak han, rundt hjør
na så støvet stod. Då var gode råd dyre for å få flata rein att før det festa seg!! Derfor måtte resten av golvet vera til ein annan stillare dag.


Men kva skjer i dag?
Jau, eit dårleg fruktre måtte falla for saga!


Eit anna måtte friserast!

Greinene får ikkje liggja lenge før dei hamnar i traktoren og blir køyrd vekk.


Turen min var kald i dag. Kjepper og lauv var blesne frå trea ned på promenaden min.

Neste tur  er kanskje ikkje huva nok , hendene og var kalde!

Men det friska opp ei gamal innekropp!


Inne ventar godsakene!! :))

Ha gode haustdagar og turar!





søndag 27. september 2015

Ikke alle dager er like!


Åja, det går på blomar om dagane! Eg tykkjer det går seint. Men eg er så glad at eg ser dette! Det går ein heil del av gamal vane. :))


Neste dag hadde det regna masse og eg måtte til bekken og sjå kor mykje vatn det var. Vatnet stod litt over halve røyrene undr brua! Og brunt og grumse var det. 


..Grått i veret og 


dropar på buskane


og Tagetisane hadde nett dusja! Men solsråla kom og laga diamantar på tårevått kinn!


Her hadde visst mannfoolka gitt opp med arbeidet for berre søle..



Fiskesokkane har fått eigar!


Så! Der kom ny inspirasjon til å ta fatt att!


Målet er endå eit til slikt teppe!!

Mange står i kø for å få! Men ein blom om gongen så veks det litt om senn!1


Eg er så takksam for at eg ser so pass. Ikkje lenge sidan eg hadde store problem!

Ha fine haustdagar!














onsdag 23. september 2015

Herleg tur!


På den nyklypte reina la eg ut. Tungt i starten, men gløymde alt som var bale! 
Veret var så stålande og fint!
 Sola og den friske vinden gjorde så godt. 
Og eg  vel å tru at dei har klypt denne "vegen" berre for meg! --


Kvar eg  vende meg var det så vakkert! 


Vinden suste i  raunane ved vegen


som raudna av skinande bær.

Der var det ei lerka med sitt trill og!

Ei veldig lukkekjensle fyllte heile meg!

Tenk at eg og gjekk dobbelt så lang tur enn i går. og dagen før det!

Før det hadde eg ikkje gått tur på lenge- --

Rektig nok såg eg ikkje så tydeleg alt, - men fargane var der! 


Og fargar har eg inne og!

Å du fryd i mitt sinn!




Ha gode turar, de og!










fredag 14. august 2015

Som dagane går --


Jubileumskake laga på bestemorkjøken. 
Festen laga dei medan mor og far molka! Men dei må ha litt meir tid og måtte ty til ei lita skrøne!
Hipp hurra for slik ein familie!!!  :))


Men mannfolka har nesten ikkje tid til slikt!


3 generasjonar,


og Håkon .

Blomane får ein oppsving i det fine veret!


Også inne slår blomar ut!


Han er ikkje arbeidsledig!




Besøk på terrassen den dagen det var 25 grader!


  ---  mange gleder for meg  ---


Klem.