søndag 11. september 2016

Dillesokk.

Dillesokk
 heiter eit mønster på ein sokk Bitta designar på strikkegruppa si på Facebook. Eg vil ikkje sei den er spesiell fin, men eg har det slik at best det er er det eit sokkemønster eg berre MÅ strikka!

Men dette vart veldig didle å få til. 

Eg fann meg garn som eg tykte var både fint i fargen og serdeles mjukt og herleg! Det var einaste det at det var litt for kjukt til den oppskrifta. Men pytt, det fiksar eg! - tenkte gamlemor og berre kutta ei maske her og der!  
Men eg hadde jo starta og laga ei vrangbord til eit anna mønster! Uff, men rekkjer ikkje det! Det passa ikkje heilt inn, verken slik som eg likte det eller slik det skulle vera. Men no sette eg altså ivrig i gang. :) I oppskrifta stod det at eg skulle strikka bakdelen på leggen først, men kom i skade for å ta framdelen først! Pytt, det fiksar eg etter kvart!
Men det vart litt hovebry og krysss i tankane, - for framme og bak på leggen var ulik og,  - og kor var det no eg kutta dei maskene?
Eg snudde og vende og talde og talde! --

Men til slutt kunne eg stolt ta bilete av fyrste sokk, og gledde meg til neste!

Men kor i verda var det no? Mønsteret skulle vera omvendt  på andre sokk!!!! Eg skulle jo strikka frå venstre til høgre på venstre sokk! Ikkje sånn som me pleie frå høgre til venstre! --- eller var det omvendt? Og so hadde eg jo strikka høgre i staden for venstre sokk først i starten! Eg måtte ta han på og forsikra meg om det! Mønster fint frammover kvar stortå skulle det vera,. Og så eit lit enklare mønster på eine sida bak på leggen.
(Men, -  mine auge er ikkje sånn at eg ser så godt ned på tå og hel, og min kropp er heller ikkje sånn at eg kan ta foten i fanget!)

Jaja, nok om det,  her er beviset på at det vart sokkar, to stykker endåtil! Men eg må nok ha dei sjølv, for ingen ting stemmer heilt.

Men så vart eg så dregen til eit garn som passa heilt til denne oppskrifta!
Best det var hadde eg lagt opp! 
No skulle ALT gjerast skikkeleg! :)
Eg sat og smilte og var SÅ nøygd.


Leggen vart bra!



Godt med lupelampe!


-----  berre det at no har eg laga helen så forkonande liten
på første sokk!! ---

Men no er eg godt i gang med andre. DEN skal i allefall verte rett!! Får heller rekkja opp og spøta ny tå ---

Er det rart at det er fredag heile tida? 

Eg skjønar ikkje kva eg kavar etter! Ikkje er det sikkert så mange bryr seg om å få dei heller!!

Har minst to par sokkar opplagde og eit stort teppe som skulle vore ferdig + planar om fleire andre tepper. 

*

Eg takkar Gud for han skapte fargar!

Når det er så fint i naturen og - i garn, - kor må det ikkje vera i himlen då??

*

God strikking!







1 kommentar:

  1. Vi er begeistra for festlige sokker, om de blir litt særegne og spesielle, så passer de kanskje ekstra godt :-). Marta

    SvarSlett