søndag 21. juni 2015

3. del av Albaniaturen


Med eit lite klikk for mykje sletta eg første  blogga frå Albaniaturen! Det var no fortærande! Jaja - fortset der eg slapp i går.


Laurdagmorgon tidleg på terassen med spøtet og kaffikiooppen. Like fin og varm dag over Saranda og havet!
Før eg reiste fekk eg eit ord frå Bibelen : "hans miskunn varer." Og det er sant at eg har fått oppleva i livet, og ikkje minst på denne turen! Det har vore nære på eg har snubla mange gonger, men alltid har det gått godt!
 Det var ein roleg dag for om kvelden stillte Arti, sjefen for Skandinavia turistsenter i Albania eller Sarande opp med bil og køyrde oss til heimen sin i Ksasmil. Det var litt av ei oppleving! Me var som kongelige! Tok imot meg or bilen som ei dronning og geleida meg til resten av familien som kom med utstrekte hender og kjærlige klemmar! Så fekk  me sjå hagen. Og det var ikkje småttri dei fekk til å gro og hausta av på eit lite område! Der var druer på høge tre og pærer, fiken , mandlar, oliven, fersken, og sikker mykje meir. Poteter og andre grønsaker, agurk, tomater og greskar trur eg.
. Alt brukte dei i hushaldet og var sjølvforsynte med.
 Dei heldt ofte middagar for turistar og andre. Mora var kokk og heile familien samarbeidde i eit veldg godt samhald. Desse folka var Marta blitt kjendt med  og vorte veldig glad i. Det var tydeleg gjensidig! Meg kalla alle for Mama. Inne fekk me ein utsøkt middag med mange rettar.Typisk Albansk. Alt av eigen produksjon. Ja, i hagen var der høner og ein hane som gol, frittgåande. Fisken fiska dei i havet utanfor.
Brita tok bilete i hagen, men eg trur ho har misst dei, for telefonen kolapsa når ho kom heim!

Dagen etter skulle me vera tidleg klar for ny tur. Girokastraturen. Då var Arti sjåfør og guide.

ha det!












Girokastra-turen

Siste dagen kom Arti Rapai, sjefen for Skandinavien Turistsenter Og henta oss med bil. Girokastra ligg i ein annan dal så me måtte køyra opp i dei Albanske fjella. Det var villt og vakkert frodig og også lite vegitasjon. Me såg gamle gardsbruk der dei levde i fatigdom. Dalen breia seg ut vid og med flatt jordbruksland, men dei hadde lite råd til maskiner og disel så dei fekk  ikkje driva effektivt. Me såg sauer og geiter og andre dyr. Mais dyrka dei og, og oliventre i store lundar.


 Me køyrde opp i byen til denne fesningen som var eit digert museum frå krigs tider.


Arti fortalde om soga og Marta tolka til oss. Det gjore dei så levande at sjølv eg følgde godt med. Albania har ei utruleg historie! Me kan lesa litt på nett. Dei var fatige no men strevde å koma  på fote. Arti var idealist og ofra alt for landet sitt.  Dei er veldig flinke og --- 
Trysta for meg er at når eg er der, så skaper eg arbeidsplassar for dei.  Me såg ikkje til kriminalitet. Marta kjende seg trygg når ho ferdast åleine som dame der nede.
Men så har ho desse folka til Art som gode vener.


Frå festningen såg me nedover byen og der såg vi dette huset til Horta, (eg er ikkje sikker på kor det skrivest.) den politiske leiaren under den vonde tida.


Arti ville ha bilete av oss alle inne her i det viktigaste romet! 


I denne dalen såg me veldig mange bunkersar oppetter liene. Dei var godt kamuflerte og vanskelege og sjå. Kvar gruppe eller familie hadde sin bunkers dei høyrde til. Så viss fienden kom måtte dei gå til den bunkersen. Ved vegen ein stad stod der eit fint, lite kapell på toppen av ei haug. Det var ein bunkers som var kamuflert slik. Eg måtte jo opp å sjå. Der var Kristusbilete og anna, gresortodoks.





Under, kunne me gå inn i dette romet. Det var to slike rom.

Dette var pusteromet på vegen. Arti nytta høvet og fortalde vidare om soga til Albania. Så venta bilen att og ferda for attende til ein sideveg til Blue eye. 


Det var lang, smal krongleveg dit, men vel verdt. Opp av dette holet i botnen av elva strøymer det nengdevis av iskaldt, glassklart vatn. Ei stor elv renn frå denne oppkoma. Det er kraftverk og nedetter. Og det skal vera fleire slike kjelder. 

Eg kom på der eg sod at "Der finns en kjelda ---" 
Og 
"Der en kilde rinner 
salig hver som finner
Denne kilde klar
skjult men åpenbar!"

Det var høgdepunktet for meg!


Elva frå kjelda. Glassklar og kald.


Måltid ved elva. Me ser den kvite sanden i botnen. Klåra kjeldevatnet i glaset. Svalt og frodig rundt elva.

Arti og Brita ventar på maten.


Starta på heimveg.



Underlege fjell.


Me stoppar for å fylla vassflaskene med kjeldevatn, graris! I Sarnde må me kjøpa. Her kan folk koma og ta så mykje dei vil.



Siste kvelden me kunne nyta på terassen til Marta.

*
No er det blitt den 16. juni og me er blitt vane med kald vind ig regn. Men eg tenkte der ute at eg lengta litt "Heim te Jæren"



De skal få med dykk den strabasiøse heimreisa og!


Klem frå mor Gunvor










lørdag 20. juni 2015

Litt til Albaniatur


Opp på denne toppen står borga Lekursi. Dit køyrde Marta oss på smal, bratt veg i skarpe svingar. Opp siste kneiken måtte me gå, men det gjekk godt med stødige stavar eller ein stødig arm for meg og. Det var fantastisk! Har ikkje bilete for det tok dei andre. Eg hadde nok med å sjå og halda meg på føtene. Opp og ned steintrapper og hellegangar. De kan gå inn på Albania og Saranda på internett. Mange fine bilete der. Det var steikande varmt, men friskare der oppe. Me kunne sjå over fjell og dalar og vide havet, rundt i alle himmelretningar! Det MÅ berre opplevast! Og tenk eg fekk verkeleg vera med på det!


Åt like i nærleiken av der me budde medan den mjuke kvelden seig på.


Dagen etter køyrde me sør til Butrint, Ein utgraven ruinby frå 300 år før Kr. Etterkvart vart han oversvøymd av myr men gjenoppdaga i 1928. Der var restar etter romersk bad, amfiteater, kapell og anna. Veldige dimensjonar!

Eg vart liten der eg måtte ha ein kvil i skuggen ved altaret.


Her stava eg meg opp fleire trinn, før dei andre fann ut at eg måtte ta til vitet! Ei Guds under at deg greidde alt i den heiten! Men eg VILLE så gjerne!

Vel ute av porten. Godt og setja seg.


Måtte ha bilete av denne "ferja"der ein bil nett køyrer av og inn på kaien før feja blir trekt attende til andre sida. Den frakta forlk og.


Men sola steikte så me  nådde fram til ein bakaromn av ein bil med kurs for leskande is og vatn og framforalt skugge,


Her er dei to som gjore turen muleg for oss!! Tusen takk til dei!!

Dette hadde vore ein veldig anstrengjande tur, men dagen etter tok me det meir med ro. Men utrulege ting fekk me oppleva då og og ikkje minst siste dagen som var reine maratonløpet. 
Men det får vera til neste blogg.

Klem frå ei urtuleg takksam  

---mor -- Gunvor.

søndag 31. mai 2015

Dagen før ---

Hei!!
Her sit eg og funderer ved morgonkaffien. Ser på denne flotte kastanjen, kor han forandrar seg  frå dag til dag. No er alle blomane, som ser ut som små juletre med kvite, bitte små blomar, som lys, snart utsprungne. Aldri sett at det blømer så rikt nokon gong! Eit under!
Pauli øye`ene mine har alle fått plass her  kjøken, mot nord. Her trivst dei best, og eg kan gleda meg over dei heile tida.


Har vore ei hektisk veka, dette. Ny pc og nettbrett, under montering og innstilling. Veldig fine innretningar. Men masse skal funka saman. Ikkje minst er det spaning om min eigen "hradisk" greier påkjenninga!!!
Men eg er takksam og glad for at Nytt om Iraqwbibelen er sendt ut med dette utstyret. Men det er no med god hjelp. Rofessjonell! Både innhald og alt!! Mykje godleik og velvilje!



Atter ein gong køyrde han eg har vore gift med i 60 år meg til Bryne og bar posen til skranken!

Me får så mykje velsigning att av dette arbeidet!

-----

Men så er det siste dag før me reiser mot "Varmare land!"
Pakking. Tabelettar, stavar, rullator og  -- badedrakt!!!  Haha! trur de verkeleg gamlemor legg utpå djupno i middelhavet? ---

Det er mykje summarfuglar å takast med no, ja.

På same tid er Nora og Frøydis nett no heimkomne frå Tanzania! DEI  er ikkje skvetne! Kanskje eg skulle ---- 


For ei tid sdan var dotter og dotterdotter på besøk. Her står Gunvor med radioen som morfar fann på høgaloftet. Den vart innlevert unnder krigen. Gunvor skulle skriva oppgåva om radioar under krigen. Så ho tykte det var stas å sjå den.

Elles er eg ferdig med fleire prosjekt. Kanskje hamnar noko i Albania?


Og eit teppe er ferdig til eit barnebarn. Ho kjem og hentar det når me kjem heim att. 
Ja, eg gleder meg alt til å koma heim og ta fatt!
Så er det berre til å gi seg hen til hekling att! Eit Primulateppe er under arbeid. 


Ha ein god sommar alle!


lørdag 16. mai 2015

Ein Ny dag


Ein ny dag kom. Ikkje så så mykje sol i dag. 
Kald vind.
Velsigna strikke-ver!

Men ein tur vart det.
.Løvetannane hadde slege kragen godt opp og stråla ikkje lenger. Men kjem det ei solstråle, så  !!



Kom ein kaldgufs og sende ei heil skur  frå dette flotte treet mot ruta! Det må no ikkje verta snautt til 17. !!
Me hadde ein fin dag, slik me yskte det i går! Stille og roleg. Sat  på terrassen og mimra litt under flagget. 
En nabo kom innom !  Og me fekk oss ein god drøs ved kjøkkenbordet.
Om kvelden kom dei frå hovedhuset .
Dei andre bodnæ var på tur her og der.


No kan eg gleda meg over mange roser!!!

Heile tida kom det sms-ar og telefonar! Eg hadde arbeid med å svara! :))




Gjekk lens for det blå garnet nett før teppet var ferdig! Så eg la opp denne "Søte frøken sommer" !
Utruleg kjekt!

Ha ein god 17. mai !!  :))


















































fredag 15. mai 2015

Diamant dagen!


I dag har me vore gift i 60 år. Siger og skriver 21 900 dagar!
Eg flaggar  for nannen min og alle ettertekomarane våre, garden og landet me fekk å streva for!!!


Vakre roser frå min kjære!

Har fårtt mange Fb,sms, og tlf- helsingar! Tusen takk! Det varmar til tårer!



Her er bodnabodnæ i en litt uryddig samling. Men eg likar å ha dei til å sjå på i kvardagen.
"Barnebarn er livets dissært!!"


Er så glad i bodnæ som vil laga til fest seinae! 


I dag berre kosar  me oss, Torleiv steller med sine kjære blomar


og eg ---



Eg tenkjer ein del tilbake. Det er så mange tider! 
Nygift-tid, småbarnstid, skuletid, ferietid, ungane si ungdomstid, barnebarnstid, bodnabodn si ungdomstid alderdomstid.. 

Enno er det i allefall ei tid til eg gleda meg til :
Oldebarns-tid!

"Alle mine tider er i Herens hand!" Ja det står det i Bibelen!


Ha ein god dag alle.


søndag 10. mai 2015

Berre ein løvetann


Fyrste blomen han er komen!
Sjå i bakken der !
Mellom grøn stråa hever seg på tåa!
Første blomen aom er komen,
-- det er blomen min!

Det er ei stund sidan eg såg den blomen.


No ser det slik ut i veikanten! 

Å!!! det er frydefult å sjå!


Løvetannen.
Som ugras ein vanleg øvetann
så einsleg i våren grodde,
saug krefter og fort i veret rann
i solskin og regn og skodde.

Gud sløste så mykje ljos og kraft -
på veksten som ei har sin nytte -
gav stylke og  nerk og livsens saft
mens knoppen i toppen seg knytte.

Og blomen han tøygde seg mot sitt id`ol
som siglde blant skyer kvite,
Så hende eit under - han var til ei sol,-
om det visste blomen lite.

Han smilte og skein og alt vart ljost
for rundt omkring han det glødde
av tusen soler i løvetannkost-
som strjerner på himmelen strødde.

Av all den gleda og sprakande liv
hjå andre ein sommarlengt vakna.
I slumrande spirer det tendest ein giv
- mens løvetannen han bleikna.

Den grånande toppen snøyddest om senn
han viste ei om at hans prydnad
til neste vår vil spira igjenn
når våren får alt il å syda.

Ja denne fann eg i dikt som ikkje kom med i diktdoka mi, Nådens snøfall. 
Tykte han passa her.


Takk
Takk for dagen i dag du let renna på ny!
Du gjev helsa og gleda i sinn!
Og den smerten som plaga i går tok du bort.
Tenk at eg kan få gløyma så fort!

Og den gleda som fyller mitt hjarta og sinn,
ja den strøymer i heile min kropp.
Takk for graset er grønt og sola ho skin.
Eg sg ser roser som står i sinn knopp!
Takk for himlen er skyfri og blå!

Å! kjenn sola som varmar i andletet mitt,
Kjenna vinden mot brennande kinn!
Høyra fuglane kvitra og borna som ler-
høyra susen i lauvtunge tre -
og ei humla som surrar i bed.

Tenk at eg kan få kjenna slik gleda og fred,
ja det sprengjer så på at eg gret.
Eg må dela mi gleda med andre, med deg!
Ja som blomen som faldar seg ut
 vil eg opna og takka min Gud.

Dette diktet fann eg i ein perm med uferdige dikt



Nei no må eg nok utog oppleva våren i dag. Det er skiftande skyer og kaldt.

:))


Ha ein god sundag!