tirsdag 31. mars 2015

Snødett


Påskepynt inne.




For slik var det ute i dag! Ei skikkeleg snøbya med store flukser1


Men snart glitra sola i diamantane på påskeliljene!


Og på stedmorsblomane som har halde seg litt i bakgrunnen på terassen enno.

*

I går var ein spesiell dag for meg


Veslebroren min vart hjarteoperert. 
Ilt å tenkja på at han låg på operasjonsbordet. Eg har opplevd det veldig mange gonger, men ikkje for hjarta.
Eg har så mange fine minne om han. Heil frå han vartt fødd. Som treåring skjøna eg ikkje at han var vår. Trudde det var jormora sin gut og at ho gløymde han når ho for!
Eg hugsar han mest som vilter gut i førskulealder og me leikte saman i Litun.. Men det er så mange minne gjennom eit så langt liv.
Men han var trygg og god då han sulle opererast. Og no etterpå let han og vel. 
Det er berre eg som er hysterisk. 
Eg veit jo at han er i Herrens hender kva som skjer!
Men eg likte ikkje at han skal ha det vondt og ha smerter!
Godguten!


*



Gratulera med Dagen Guro!

*


Her er klutane eg fekk av Marta komne i bruk. Hadde litt krig med meg sjølv om meg kunne ta dei i bruk, for eg tykte dei var for fine! Men det tregar eg ikkje på! Dei er veldig gode i bruk og held seg fine om dei er våte og. Gode  klutar! Og så pyntar dei opp i kjøkenet mitt!



Og så har eg begynt med noko nytt hekl!
Eg er ikkje ferdig med Primula teppene, men det er godt med litt forandring.

Ha god påske alle!

fredag 27. mars 2015


Ein kald dag var eg tur til  åno, nedi Lunden. Der er reine urskogen. Ikke mykje vår her, men åno brusar i bakgrunnen.


Gjekk oppå den gamle tippen der nede.. Litt uført for ei gamal kjerring, men det gjekk godt og jammen titta sola fram og gyllte kvist og lauv og dei mosegrodde steinane!!

Frå kanten av tippen såg eg rett ned på den skummande elva! Det ser ut som is og snø på, men det er sola som får det til å glima på biletet.


I dag gjekk eg den vanlege turen og vart møtt med inteens "vårlukt"!! Her har eit barnebarn vore med spreiaren!

Utanfor huset heime står stuen etter kastanjen, kjempa som måtte falla i haust. Gartnaren min har sagd ut ei grop som skal koma mold og etter kvart blomar i ! Kan tru eg gleder meg!!


Og så litt påskepynt å troppa!!!

Det er for å gleda oss som kjem , eller går framom, og for å minnast at det er påske og kvifor me har påske ---

for å minnast han som er "Herre over dødens makt"
 og kan gjera vinter til vår - endå ein gong!  :) 

Ha ei god Palmesundag helg!!






søndag 22. mars 2015

Ein dag til å gleda seg over!


I dag berre gleder eg meg og minnest dagen i går:
 Store smil,  klemmar blomar og gåver med omtanke og kjærleik!


Nytt strikketøy med oppskrift og alt. 
Praktisk, rommeleg og  fin strikketøyveske med fluffige ullsauer nydeleg utført i tett stoff . Her kan ikkje strikkepinnane stikka ut!
Fint sokkegarn, og målebånd som har vore på ynskjelista mi lenge.
To klutar frå Kluteboka til Bitta: Våryr og To fugler i hånden strikka i ein travel kvardag til mor!


Så kan eg koka meg Strikkekaffi og nyta god sjokolade til, saman med ei strikkeveninne eller to!!

Tusen takk til dykk som  kom , og for det de hadde med, for alle klemmar og framfor alt for alle
 gode smil!

Takk for telf, SMS og mail og helsingar på fjesboka!

Og takk for god hjelp med å bera ut og inn,setja i og ta or vaskemaskin og ikkje minst å få alt på plass att!

Takk frå

---mor Gunvor

torsdag 19. mars 2015


I går var eg på tur, men gløymde telefonen, så det blei ikkje bilete.. men eg tok nokre greiner med meg av den store gamle selja imed bekken og tok bilete inne.


Ho var blitt lubben i toppen av seljepusar! Dei er ikkje så fine og mjuke som på unge seljer, men dei er fine lell!


Desse trea som eg tok bilete av i haust har no fått eit meir lubnare preg. Våren er under vegs!! 
Og bakken her er snart like grøn som her!


Desse fekk eg til i dag! Har og laga eit par kaker dei siste dagane,( litt misslukka, spør du meg). Men eg hadde så lyst å ha noko viss det skulle dukka opp nokon på laurdag! Eg gleder meg slik!!! 
To har meldt sin ankomst!!



Ragnhild og kjem "med helga" . Ho sit her med besefaren. Ho skal henta teppet sitt.



Er godt i gang med neste teppe.


Og så er dette arbeidet i gang! Har førstesida og eit påskedikt av Else lien Krogedal i allefall, men det kjem meir. Ventar at på noko frå Kjellfrid Eggebø.
Ellers har Jorunn og eg planlagt  og fått bedehuset til ein Misjonskveld på Fotland i september!
Spennande!

Arbeidet veks der ute og me må ikkje la hendene  siga!

Lat ikkje hendene siga

 No, - i den tøffaste tida
treng dei vår hjelp og  ros!
”Lat ikkje hendene siga!”  -
Det er Guds ord til oss!

Gled deg i alt dette strevet,
Herren er med i det.
Han som har gitt oss kallet,                               
frydar seg over deg!

No ber me børa åleine,
Utlegg er større enn før. -
Vil me alt dette greie?
Ofte me såleis spør. --

Han, ved si makt held oss oppe
Det er så godt å få tru,
til alle oppdrag er omme, -
tida, den veit berre Gud.


Ha ein god vårdag!

Klem frå -- mor  Gunvor

fredag 13. mars 2015

Heime att


Sjå kor blått middelhavet er!
 Det var ei sor oppleving for meg å få oppleva dette. Det gjekk over det eg hadde venta meg både reis og opphald!

Men borte bra --heime er no best. Og då eg sat på flyet nynna eg på Heim te Jæren inni meg! Endå her var det regn på tvers og helst kulse etter den varme sola i Spania!

No gjeld det å halda formen oppe med turane mine! Men det er lite å ta bilete av og så har eg problem med å få bileta inn i bloggen. 


Slik vart eg oppvarta ved solesenga i hagen hos mi kjøre syster i Albir




Men trass i kald vind og regn så er det vår! Og den unge kastanjen i sør, utanfor kjøkkenglaset mitt står med knuppar som skin i sola - når ho berre er framme..
Og eg nyttar dei gode strålene og sit på terrassen og. Om eg endå må ha uverskåpa med hetta snrøt til så det er berre er i anlitet ho får skina på naken hud! 
Men det er VÅR! Snart kjenner me nok hevdalukta og!
Det gjeld å SJÅ alt det vakre! 

Det minner meg på det han Holger snakka om  i Misjonsradioen i dag! Og songen:

Det er liv i å se på det Golgata kors! 
--- Se - Se -- og lev! 

Klem frå -- mor - Gunvor