fredag 25. desember 2015

" Engler daler ned i skjul"!


Eg er så glad kvar julekveld - for då vart Jesus fødd!


Enno ein gong pynta han julegrana !

Og alle våre har det bra. Me har ymse kontakt, via intenett,  telefon - og fjes til fjes!


Me har endå til fått kosa oss med ei solståle av eit oldebarn!
 Born ,barneborn og sysken har me og god kontakt med!
Me har veldig mykje å vera takksame for!


Ein dag sola var på det lågaste fekk eg denne sonedgangen! Ja det var så vakkert og tru-styrkjande!
Nå blir dagane ein grand lenger for kvar dag som går og. 


Ein dag  like oppunder jul opplevde me det ringde på døra. Og me fekk i hende ein pakke, heilt uventa og utan nokon forklaring på kvifor me fekk han. "Det er ikkje til OSS," sa eg.men det var det. God jul frå Ungdomstreffen stod det på lappen.
Inni papiret var ei lita øskje , og inni den, fint innpakka, ein fin engel!  "Alle fekk, sa dei som kom med han. 
Altså - let dei "Engler dale ned i skjul" tenkte eg og vart veldig varm inni meg. 
No står engelen framme og minner meg om å be for Ungdomane der dei treffest, og leiarane!


Mange gleder hadde eg før jul og. Eg grua for alt som måtte gjerast. Men det blei ei råd!


Her er hjelpande hender ! Elles kom det mange gode ting som hamna i frysaren eller kakeboksar.
Og ting vart utført fint og godt av desse og andre hender.
Og me får nyta godt av stor givarglede!
Slikt er til å bli rørt av. 
Stor takk till alle dykk kjære!


Her ser eg solnedgangen.

Eg ser jo det at eg blir gamal. Men det minner meg om at - som det står i skrifta:
Lær oss å telja våre dagar ---

Men du og du kor mange gilde dagar å telja!!

Klem



onsdag 18. november 2015

Nytta solglyttane !!!


Ein vind- og regnfull dag skein opp litt før soleglad. Det måtte nyttast fort!


Håkon sitt prosjekt var fint sletta av! Trillebård, spade, riva og traktor hadde nok vore i sving her! Han nyttar stundene! Det er ein god lærdom å ta med seg!



"Adventdblomen, eg snakka om sist, har fått heidersplass ved hovedingangen,. Han får nok dingla seg her og!  :)


Georginerekkja står enno, om det er mange av blomane som har gitt opp, så står fleire og strittar rett til vers med prakta si!


Desse er blitt trekte meir i livd og krope i sjul bal stolane.
Andre er komne i kjellaren , om dei såg ut til å ha liv laga til våren.


Rosa, som har sprengt seg inn under terasseveggen, blømer lika fint som ein soldag i sommar!
Utanfor veggen blømer dei og, om dei er litt meir pjuskne.


Denne blomen må ha ei ekstra honnør, for der har han henge sidan tidleg i vår! Den første som vart kjøpt inn i vårkulden!


Nei til bake til spøtet!
Nytta stundene!  
Julegåver veit de! 

 Dette kan vist ikkje bli brukande  -- ?

Ha haustkos inne eller tråssa veret !, Eller nytta ei solstråle og snus inn haustlufta!!!

:))

søndag 15. november 2015

Atter ein fin haustdag!


 Under den mørkaste skya på biletet, over granane, kan de sjå ein regnboge!


Treet har fått lang skugge, endå det er midt på dagen.



Midt på biletet ser me "eika mi" for ei veke sidan. Her har ho gyllent lauv.



Tre gonger har han min lødt opp denne gardstubben!


Her vart det ryddig og fint!




Her er ikkje den yngre garde heilt ferdig, men tydeleg at han har "det i nevane"!!




Stor kunsnar!



Vassa i vese lauv. --- Høyrer du lyden?



November !

Denne heng på terasssen enno. Treng ikkje kjøpa advendstblom!


Prøvde meg på ein liten porsjon kavring!
Ser bra ut, men vart ikkje så gode som Magnhild sine!



Men garnkorga og pinnane ventar !  :))))

Men ka ska eg velja fyst?

Ha godde novemberdagar!



mandag 19. oktober 2015

Velsigna soldagar i oktober.


Blomane på troppa står like fine etter nokre netter med hela i hagen!


Turen var still og vakker, men sola varma i nakken på heimvegen. Fargane er så vakre og varierte!


Her tenkjer han på våren!


Stolen står der innbydande ved hortensiaen som blømer fint.





Kornellen gløder i kveldsola!




Og georginene har ikkje gitt opp.



Bak løa har kalvane kome i hus.


Og maskinane har fått ein omgang olje etter grundig vask,




og turkar seg i sola, straks før dei dei vart på millimeteren oppstilte i løa der ballar og anna var fint stua vekk rundt kantane.

Gamlemor likar det ho ser!!

**


Men her kunne det lett gått skikkeleg gale!

Denne var litt for lite steikt oppå, og eg prøvde leggja eit bakepapir over. Då kom det oppi taket på omnen og tok brått fyr! 
Eg drog det snøgt ut, men då sod det i full loge. Det hjelpte ikkje å skrukka det i hop med hendene: Kjære Jesus! sa eg høgt, for eg såg for meg gardinene i nærleiken i full fyr, og stappa eld og glør inn i  omnen. Med same eg sa "Jesus" slokna det, men brann ut omsider etter eg lukka omnsdøra. Brannvarslaren reagerte ikkje, for det var ikkje røyk anna enn inni omnen.


Her ligg restane etter papiret etter eg tok ut kaka  - som var litt mørk oppå, men vel etande!

Ikkje bruk bakepapir slik eg gjorde!

Det var eit stort sjokk. Men eg takkar Jesus som var der!

Det er hjelp i Jesu namn


Ha gode haustdagar!!



onsdag 7. oktober 2015

Litt tå kvart i oktober.


Den store lønna har strødt sine blomar!
                                             
                                                   
                                                                                                                                                                                           Bakom løa var det aktivitet! Her skal det støypast! Lærevillig og arbeisam kar får gode råd!

                            
Bonden sjølv har andre ting å gjera,


Men å pussa til slutt gjer han best sjølv. Problemet var berre att det kom stadig vinkuler og føykte lauv og graps inn på støypeflata! Medan eg stod der kom ei kraftig rosa og føykte opp både lauv og  papirsekken, bak han, rundt hjør
na så støvet stod. Då var gode råd dyre for å få flata rein att før det festa seg!! Derfor måtte resten av golvet vera til ein annan stillare dag.


Men kva skjer i dag?
Jau, eit dårleg fruktre måtte falla for saga!


Eit anna måtte friserast!

Greinene får ikkje liggja lenge før dei hamnar i traktoren og blir køyrd vekk.


Turen min var kald i dag. Kjepper og lauv var blesne frå trea ned på promenaden min.

Neste tur  er kanskje ikkje huva nok , hendene og var kalde!

Men det friska opp ei gamal innekropp!


Inne ventar godsakene!! :))

Ha gode haustdagar og turar!