onsdag 7. oktober 2015

Litt tå kvart i oktober.


Den store lønna har strødt sine blomar!
                                             
                                                   
                                                                                                                                                                                           Bakom løa var det aktivitet! Her skal det støypast! Lærevillig og arbeisam kar får gode råd!

                            
Bonden sjølv har andre ting å gjera,


Men å pussa til slutt gjer han best sjølv. Problemet var berre att det kom stadig vinkuler og føykte lauv og graps inn på støypeflata! Medan eg stod der kom ei kraftig rosa og føykte opp både lauv og  papirsekken, bak han, rundt hjør
na så støvet stod. Då var gode råd dyre for å få flata rein att før det festa seg!! Derfor måtte resten av golvet vera til ein annan stillare dag.


Men kva skjer i dag?
Jau, eit dårleg fruktre måtte falla for saga!


Eit anna måtte friserast!

Greinene får ikkje liggja lenge før dei hamnar i traktoren og blir køyrd vekk.


Turen min var kald i dag. Kjepper og lauv var blesne frå trea ned på promenaden min.

Neste tur  er kanskje ikkje huva nok , hendene og var kalde!

Men det friska opp ei gamal innekropp!


Inne ventar godsakene!! :))

Ha gode haustdagar og turar!





1 kommentar:

  1. Da er jeg kommet hjem fra en fin tur til Jæren
    Feiret mor sin 85 års dag Så da var vi sammelt mange
    Koselig Godt å sjå at du er i aktivitet. Både med gåturer og
    heklearbeidet. Du er flink. Vet du har måtte avslutte
    bladet, sikkert litt vondt det, men godt det er andre som kan overta når
    en selv må si fra seg noe. Du er vel i den alderen der du har
    lov til å gjøre bare det du har lyst til og ikke bare det du må.
    Ønsker deg en god høst :)

    SvarSlett