tirsdag 15. oktober 2019

hanka inn

hanka inn -
Eg ser for meg ein liten gut som spring på vegen føre ein gamal mann med stav, slik med bøy på oppe.  Guten er liten og held på å koma utfor vegen, så gamlinen er snøgg med kroken og hankar han inn.


Her ein dag høyrde
eg noko ein fokynnar sa. Det beit seg litt fast og  hekta seg fast.
 Før i tida varr det mangt me ikkje skulle gjera på sundag for det var synd. --- Mange meiningar om det.

Nok om det EG vil gjerne gjera det rette, men likar godt å strikka, men gjorde  ikkje det på sundag.
 Men som gamal er det lite å ta seg til og lesa greier eg ikkje så mykje . så har eg kome til det at å strikka er ei  gåve og eit gode eg får gode tankar og eg kan be imens.
Så var det den kroken då. Kviledagen har me fått for å kobla om og la Gud få sleppa inn og fornya oss. Der kan sjølv det beste me steller med hindra oss. Det tek plassen for kvila i Gud og Jesus sitt frelsesverk. Og det til å ta til oss nytt frå Guds ord. Ta til oss åndeleg mat.
EG vert så oppteken og ivrig i mønster og felling at tida eg skulle brukt på ein annan måte fer  frå meg.
Eg kan no ikkje slutta å strikka på ein sundag, me det er godt å verta hanka litt inn og tenkja på kva som er viktigast for meg.

Bestemortankar.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar