torsdag 11. april 2019

Litt tao kvart



Sat og funderte på kva i verda eg kan bidra med til deko flinke og kunnskapsrike folk som les!

Eg gir opp  tankane på  korleis det skal vera og berre pøser på!. Eg får sulla med mitt. Livet mitt er mitt. Det kan ikkje bli onnorleis.  Og det som er att av det er liksom på overtid. Ingen planar. Berre ta i mot kvar dag! Sol eller regn.
Mykje å trega på, men det er borte. ja Far skulle  ha fillerista meg for det! Men nei, han tok heller son  sin , vår bror! Halleluja!

Nådens snøfall
Som snøen dekkjer kvar ein kvist
slik dekkjer du meg sant og visst,
i di tilgjeving, heil og full
står eg for Gud så rein som gull.

Så let du sola stråle fram
og gyller alt som før var skam,
kvart feilsteg og kvar roten kvist
er gøymd i deg, min Herre Krist.

I dette nådens snøfall står
eg still og berre får og får.
Om vindkast kjem og drysser av
det tømest ei, ditt nådens hav.

/ 94.

Dette diktet skreiv eg i altså i 1994. Ja det er jo alt lenge sidan det og. Men like nytt for meg som om eg skreiv det i dag.

Så har eg rusla rundt i hagen. Litt kaldt, men slikt strålande ver! Tirande grøn plen , mjuk og god å trø i. Rips og solbærbuskane har så vidt museøyrer.


Eg er ikkje så flink å ta bilder no, men her er eit frå
 april i 2017.


Og jammen såg eg ein løvetann i plenen i går! Detter er i vegkanten  april 2017.
Kjekt med data! Ut og ta bilder, inn å setja dei inn i blogga! Finna bilder  og dikt frå andre tider inni maskina og flytta ---
Kjekt at eg har fått oppgradert pcen litt. den var heilt full!! Fekk ikkje til noko og eg var veldig frustrert.
Går det verkeleg ann for ein 87åring å verta så avhengig av duppedittar?
Ein heil dag stod maskina her og glodde på meg med eit skrivebord som ikkje ville verken pao helle tao!
Då  avgjore eg med meg sjølv att PC måtte eg ha  korso!

   Datamannen forstår seg på både gamle koner og gamle maskiner! Så overnatulig det enn er for meg så ordna han det med -- Fjernhjelp!  Han måtte berre ha passord  og lov av meg til å koma inn på mi maskin. Så tok han heile styringa.
litt nifst--

Ha ei god natt, for no er det blitt seint og pilletid for lengesidan!

Koseleg med tilbakemeldingar ! Vert reint rørt!

Gunvor









lørdag 6. april 2019

Tida går



Ja tida går forare og forare!

Alt går seinare og seinare med meg, rekk ikkje på det eg vil. 





For eit år sidan laga eg desse  sokkane.  Og sokkar har det vorte mange av, og andra strikk. 

Slekta som heile tida utvidar seg er eg og oppteken av. Her er 1årsdagsselskap. 



Landet vårt er me glad i og  slik var 17. mai i fjor.


Guds ord er viktig å få inn i sjela, og det kjem gjennom øyrene! Derfor blei det Dab-radio og mykje innstilling og kluss for ei tilårskomen kona! Men godt når det funka. Eg må berre ta tid til å  setja det på .  Freistaren er lur og vasar meg ofte vekk.


20. mai såg det slik ut på turen min.





Dagen må eg sjå i kvar dag, og ser alltid først bibelordet øverst på framsida!
Når eg har sett det eg greier inni bladet les eg adakten på siste sida. Då får eg som regel åndeleg frukost!


Hage- og tunarbeid.


Strikking er alltid på gang.




Fått besøk på terrassen. då kan eg vera blid, ja! Det er jo i juli!


Her skal det bli nytt tak!
13, august.


Litt strikk om sommaren og.


MMM!  Plommer!!


Hundehua som ikkje passar nokon! Kjekt å ha!


Her er gamle gode slitaren, ILCT skrivaren på flyttefot,


Ein babyhemmelighet på gang!


Frå jubileumsfilmen eg fekk frå Frøydis.


Snill dotter "luftar" mor på kafee!

Treet ved bekken og meg. Har heimetreninga  med!
 17. nov.


Enkvann små frys på nevane.


24. nov. er denne på plass og minner oss om  høgtid og helg!


No skal Garnet flyttast! Ny hylle.


her er litt av garnet  på plass.


3. des. Soloppgang..


25 des i Verdalen


På nyåret er det restegarnet som skal koma til sin rett!



Finnst ikkje ord ---   18. Januar


Gamle hesplatreet etter mor ---

Garnet skal bli til dette  --


Far har fått lua hjå Brita.

Stor dag!

Storesyster, veslesyster og mamma.




Ikkje å klaga på fukosten på SUS! Men når matlysten manglar!




Slusa der alle måtte få fullt smittevernustyr! Influensa er ikkje å spøkja med.
 Men ingen klaga. Berre smil og hjelpande hender.


Men frå no går det framover!
 1.mars



 Ca 1. april. er eg nokså bra og trenar meg opp att.


Ny  babyhemmelighet på gang!

Tida går. Mangt å gle seg til!

Lær oss å telja våre dagar!

Dette var ei lita oppdatering og en prøve på å koma i gang att! 

Takk til alle som puffar meg i gang!

Helsing Gunvor