torsdag 24. juli 2014

Glytt

I går fekk eg Glytt frå ILCT!

Dette er bladet Nora Klungseth sender ut den månaden eg ikkje sender ut Nytt om Iraqw-Bibelen.

 
 Mange av dykk får det. Var det ikkje godt å lesa og ta til seg framsida! Jesus stoppar opp og tek seg tid når me strekkjer oss til han! Gildt å lesa om Frøydis som står på trass i sin alder!  Og om dei gode medarbeidarane. Kristina Mallange som traust held ut og har stort ansvar. Og dei unge som tek over og får ansvar lagt på seg. Måtte Gud gi oss og iver til å støtta opp om dei alle!

Og til slutt songen på sistesida! Godt å få fortelja alt til Jesus! Det er som det opprørte havet av tankar og suter inni meg blir stille og fell til so. Vert blankt så det speglar fjell og li og himmel, alt me har å takka for!


Fortell ham alt! Du eier jo en Fader
Som gjerne hjelpe vil i smått og stort.
 Han som for Jesu skyld din synd forlater,
Vil ingen hjelpeløse vise bort. 

Fortell ham alt! Det meget bedre høres
Enn du kan fatte i din fattigdom.
Hvert bønnesukk som i ditt hjerte røres,
Det høres klart i himlens helligdom. 

Fortell ham alt! De skynder seg i himlen
Med hjelp til dem som tigger her på jord.
 De ser så godt her ned i folkevrimlen,
Og kjenner nøye stedet der du bor. 

Fortell ham alt! Å, nevn din svake side,
 Fortell ham synden med det navn den bær!
De onde ånder vil i lyset lide,
De trives bare der hvor mørket er. 

Fortell ham alt, det tunge og det svære,
 som du i tanken venter på din vei!
Den tyngste byrde som du prøver bære,
Er den du selv på forhånd lager deg. 

Fortell ham alt, så er det ei ditt eget,
Da har han det i sine hender tatt!
For ham er aldri noen ting for meget,
Som seg ved kraftens høyre hånd har satt.   

Mauritz A Brekke
1940
 
Ha ein god dag i varmen!
Helsing Gunvor
 

onsdag 23. juli 2014

Takksemd

 
 

Eg er så takksam...

I dag blei det rundstykker att. Flott at eg greier det! For nokre mnd. sidan var det uhyre bale å setja i gang med slikt.
Etter at eg begynte med turane mine, ca ein liten time til dagen, har eg blitt sterkare og har ikkje så mykje smerter.
 Eg fekk eit spark bak av ein fysioterapaut rett etter nyttår. Alternativet var rullator desslike. Dermed blei det tur i allslag ver. Strekninga mi var verhard: snaudt jærlanskap og mykje vind var det. Stundom med snø og regn som piska. Men eg ville så gjerne opp av godstolen! Det gekk seint og best det var støytte anna til så eg ikkje kom meg ut. Ein gong var det ei langvarig forkjøling som sette meg attende. Så datt eg. Kvar gong var det som å ta til på nytt att. Måtte bruka all min viljestyrkr og litt til. Spør ikkje meg kor eg fekk det frå.  Fysioterapauten gav inga medkjensle! Men ho sette mot i meg og pusja på. Eg ville ikkje tenkja slankekur, det har eg hatt nok av i livet, men litt etter litt for nokre kilo og.
 
Det er ikkje for å skryta av meg sjølv eg skriv dette, men håpar at det kan setja mot i andre og. No gleder eg meg kvar dag over at eg er betre og ber om at eg må få ha styrke og vilje til å halda på.
 
 

Det er så mange ting å gleda seg over! Eg har alle ting så eg kan laga denne gode maten!
Då eg sat gledde meg over rundstykka  som svulma og fekk gyllen farge i omnen, medan heklekroken gjekk, tenkte eg på mor kor flink ho var til å få maten god. Me ungane kom heim og det lukta nysteikte brød og me åt, for me var veldig svoltne. Brødet var nok mørkt,  men mor fekk det så godt ho kunne med poteter og kolrot og andre ting. Kor ho balte er nok ingen som veit. Det var krig og vanskar med å få tak i alt. Me tok det for gitt med mat på bordet og takka ikkje mor. Men me las for maten, både før og etter, kvar vår gong.

Gud signe maten på vårt bord
og mette kvar ein munn på jord.
Gud signe oss med Faderhand.
Gud signe heim og folk og land.

Med hugnad her til bords me sat
og fekk av Herrens hand vår mat.
Gud giv oss derav trøyst og mot.
Takk være Gud som er så god.

Eg respekterar og takkar for dei som enno les eller syng for maten.

Ha god sommar vidare!

Gunvor

tirsdag 15. juli 2014

Bringebær-tid

Atter ei fin sommardag!
Litt regn, men det er godt for alt som skal veksa og bøndene som har spreidt hevd. Det er bringebærtid og då vil me ha fint hentever. "Til lags åt alle kan ingen gjera!"


Det er ikkje så varmt i huset så ei kringla blei det. No kjenner eg meg rik som kan ha den i frysa. Kanskje stikk det innom eit menneske!




Sjå så masse fine bær som kom inn i dag og! Fint å ha i frysa som syltetøy eller berre frosne til dissert, elle få dela med seg!
 
Eg prøver meg fram her på blogga mi. Finn ut meir og meir. Ein kommentar har eg også fått! me det er ikkje mange som veit om ho enno.
 
Ha ein fin sommarkveld!


mandag 14. juli 2014

Velkommen


Hallo!
Eg er ei vanleg bestemor som har lyst å prøva meg med ein blogg.
Det er veldig mangt eg ville dela med dykk. Eg likar veldig godt mangeslag handarbeid. Men symaskina let eg helst stå i fred, den er eg ikkje venner med. Endå eg har sydd mykje både til ungane, meg sjølv og andre i mitt lange liv.



For tida er det heklekroken eg helst triv til når eg set meg ned. Eg har så mange trådar i så mange fargar! Det blr til runde stjerner som føyer seg saman. Det bir nesten aldri to heilt like! Det er eit fasinerande arbeid som eg ikkje vert lei av.
 
 
Elles er eg oppteken av arbeidet med å redigera Nytt om Iraqw-Bibelen. Det er mitt misjonsarbeid og det viktigaste eg gjer. Her er juni-nummeret litt forseinka ferdig til å få porto på.
 
Helsing Gunvor