mandag 14. juli 2014

Velkommen


Hallo!
Eg er ei vanleg bestemor som har lyst å prøva meg med ein blogg.
Det er veldig mangt eg ville dela med dykk. Eg likar veldig godt mangeslag handarbeid. Men symaskina let eg helst stå i fred, den er eg ikkje venner med. Endå eg har sydd mykje både til ungane, meg sjølv og andre i mitt lange liv.



For tida er det heklekroken eg helst triv til når eg set meg ned. Eg har så mange trådar i så mange fargar! Det blr til runde stjerner som føyer seg saman. Det bir nesten aldri to heilt like! Det er eit fasinerande arbeid som eg ikkje vert lei av.
 
 
Elles er eg oppteken av arbeidet med å redigera Nytt om Iraqw-Bibelen. Det er mitt misjonsarbeid og det viktigaste eg gjer. Her er juni-nummeret litt forseinka ferdig til å få porto på.
 
Helsing Gunvor
 
 



2 kommentarer:

  1. Spennande! Vis meir av det du lagar, blir glad av fargane!
    Helsing Ingeborg

    SvarSlett
  2. Takk, Ingeborg! No har eg lagt ut litt til.

    SvarSlett