mandag 19. oktober 2015

Velsigna soldagar i oktober.


Blomane på troppa står like fine etter nokre netter med hela i hagen!


Turen var still og vakker, men sola varma i nakken på heimvegen. Fargane er så vakre og varierte!


Her tenkjer han på våren!


Stolen står der innbydande ved hortensiaen som blømer fint.





Kornellen gløder i kveldsola!




Og georginene har ikkje gitt opp.



Bak løa har kalvane kome i hus.


Og maskinane har fått ein omgang olje etter grundig vask,




og turkar seg i sola, straks før dei dei vart på millimeteren oppstilte i løa der ballar og anna var fint stua vekk rundt kantane.

Gamlemor likar det ho ser!!

**


Men her kunne det lett gått skikkeleg gale!

Denne var litt for lite steikt oppå, og eg prøvde leggja eit bakepapir over. Då kom det oppi taket på omnen og tok brått fyr! 
Eg drog det snøgt ut, men då sod det i full loge. Det hjelpte ikkje å skrukka det i hop med hendene: Kjære Jesus! sa eg høgt, for eg såg for meg gardinene i nærleiken i full fyr, og stappa eld og glør inn i  omnen. Med same eg sa "Jesus" slokna det, men brann ut omsider etter eg lukka omnsdøra. Brannvarslaren reagerte ikkje, for det var ikkje røyk anna enn inni omnen.


Her ligg restane etter papiret etter eg tok ut kaka  - som var litt mørk oppå, men vel etande!

Ikkje bruk bakepapir slik eg gjorde!

Det var eit stort sjokk. Men eg takkar Jesus som var der!

Det er hjelp i Jesu namn


Ha gode haustdagar!!



1 kommentar:

  1. Ja takk og lov. Jammen godt en kan
    tro på det at en har en hjelper i alle ting.
    Flott i hagen din enda ja. En får nyte de
    fine dagene som er igjen før kulden kommer for fullt.
    Her er det ikke mye fine blomster igjen for det
    har vært flere frostnetter, Jaja, det er tida for det her nå.
    Ønsker deg ei fortsatt god uke :)

    SvarSlett