torsdag 19. mars 2015


I går var eg på tur, men gløymde telefonen, så det blei ikkje bilete.. men eg tok nokre greiner med meg av den store gamle selja imed bekken og tok bilete inne.


Ho var blitt lubben i toppen av seljepusar! Dei er ikkje så fine og mjuke som på unge seljer, men dei er fine lell!


Desse trea som eg tok bilete av i haust har no fått eit meir lubnare preg. Våren er under vegs!! 
Og bakken her er snart like grøn som her!


Desse fekk eg til i dag! Har og laga eit par kaker dei siste dagane,( litt misslukka, spør du meg). Men eg hadde så lyst å ha noko viss det skulle dukka opp nokon på laurdag! Eg gleder meg slik!!! 
To har meldt sin ankomst!!



Ragnhild og kjem "med helga" . Ho sit her med besefaren. Ho skal henta teppet sitt.



Er godt i gang med neste teppe.


Og så er dette arbeidet i gang! Har førstesida og eit påskedikt av Else lien Krogedal i allefall, men det kjem meir. Ventar at på noko frå Kjellfrid Eggebø.
Ellers har Jorunn og eg planlagt  og fått bedehuset til ein Misjonskveld på Fotland i september!
Spennande!

Arbeidet veks der ute og me må ikkje la hendene  siga!

Lat ikkje hendene siga

 No, - i den tøffaste tida
treng dei vår hjelp og  ros!
”Lat ikkje hendene siga!”  -
Det er Guds ord til oss!

Gled deg i alt dette strevet,
Herren er med i det.
Han som har gitt oss kallet,                               
frydar seg over deg!

No ber me børa åleine,
Utlegg er større enn før. -
Vil me alt dette greie?
Ofte me såleis spør. --

Han, ved si makt held oss oppe
Det er så godt å få tru,
til alle oppdrag er omme, -
tida, den veit berre Gud.


Ha ein god vårdag!

Klem frå -- mor  Gunvor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar