lørdag 22. november 2014

"Eg vil - EG VIL !"

Fann ei rose i solveggen ein dag!



Rose i november

I gryande morgonljoset
i vind og regn og snjo
nikkar ei yndig rose
så frisk og raud som blod.

Ho står her på sommar-terrassen
og nektar at hausten er til.
Kor fekk ho den ville trassen:
"Eg står her, eg vil - EG VIL!" ?

Du rose har allting i deg
frå jord og solskin og regn. -
Og skaparen famnar deg kjærleg
og syter for alt som du treng.





Ein av dei siste turane var solegladet så vakkert. Her er sola enno i skyene og gyller og skimrar dei. På heimvegen snudde eg meg. Då skein ho fullt under skyene! - -
Me ser at trea er blitt snaue og og lagar kunstverk mot himmelen.



Snautt og goldt på Jæren, men vakkert likevel!



Den store kastanjen blir til ved av driftige folk.



Her har dei skiva han opp før han blir kløyvd . Ikkje arbeidsløysa her!



Vinden var sers kald på turen i dag, og godt å koma inn til hekle - kroken, eller til dette "adventsmysteriet" til Bittamis Design for strikkelystne. (lukka gruppe) som eg er med på på Fjeboka, Det er blitt ca 1 meter langt. Får nytt nønster nokre dagar i mellom. her.  Me fekk 8. del  i gårkveld. Me sender inn bilder og kan kommentera og lika. Mange gode tips har eg fått og lært mykje! :)
Eg brukar restegarn og det vert no deretter. Brukar litt av primulateppegarnet . Det skal bli dobbelt så langt.

Men det er jo anna å gjera og no før jul. Men eg har fått god hjelp til både tak og det som er umuleg for meg. Me har hjelpst åt det me kan. 
Og i dag var vaskekaren her og. :) Så kunne mora og eg kosa oss.
Så dagane er altfor stutte, og kveldane og ! For då er eg mest opplagd med strikk og hekling.
Måndag kjem nytt "mysterium".




Dette er 8. del av "mysteriet" Det er mørk grønt det som ser grått ut, biletet lyg litt.


Litt krusjen! Godt og mjukt skjerf gjer godt! Det vert ikkje så mjukt det eg strikkar!  :)

Klem

--- mor Gunvor



søndag 16. november 2014

Fuglen

Høyrde sangtimen i dag igjen.

Og så song dei mangt av Per Sivle. Dette diktet kan eg ikkje minnast eg ha høyrt. Han tok meg så sterkt, for eg er vist ein slik fugl! -- Utan grein  å syngja på!



Fugl

En fremmed Fugl jeg var og er,
blandt mine egne dog især.
En fremmed Fugl, en fattig en,
som søger sig en liden Gren.


En liden Gren at sidde paa,
hvorfra jeg kan min Trille slaa.
Jeg har endnu en Sang igjen,
og gad saa gjerne synge den.



En liden Gren med Vaarløv paa,
og er den bar, nu vel, lad gaa!
Og om jeg ikke faar en Gren,
tar jeg tiltakke med en Sten.



For synge maa jeg end en Gang;
jeg har endnu en fattig Sang.
— Men sig mig, Gud, er det ei slig,
at den, du gav en Sang, er rig?

Per Sivle
------
Har ein liten fugl i meg eg og! 

Fuglen min

 Å, vesle, vene fuglen min,
kvi syng du så?
Kva rører seg i hugen din
og sprengjer på?

Du kvitrar glad i morgonstund
Med liv og lyst.
Skal tru det snart kan sprengjast sund
ditt vesle bryst?

Å, lær meg, vesle fuglen min,
å syngja ut,
når gleda bryt i hug og sinn,
min pris til Gud!

Klem 
--- mor Gunvor


torsdag 13. november 2014

Regnbogen


Regnbogen

Regnbogen! - Regnbogen såg eg i dag
som tyder at Ordet står enno ved lag!
Til meg som gjekk sturen og lei her på jord
synte du at du står bak dine ord!

Heilage Gud som i himmelen er,
klodane styrer, kvart sandkorn du ser!
Du bur og her i mi nedbøygde sjel.
Mismotet kverv,-  og  eg er so sæl!

*

Ja,det er godt å ha dette over sitt liv!


 Det blei ei mønsterbord til i dag og! Spennande kva oppgåva er når me får nytt mønster i morgon! :)

Når me er ute og køyrer, ser eg ofte slike kjelve rmed grønt godt gras. Og uti alt dette frodige ligg det ofte sauer, fredldg og fint. 
Då kjem eg på den 23 salmen i Bibelen. Der står det :

 Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 
Han let meg liggja i grøne enger. Han leier meg til vatn der eg finn kvile.

Der står meir godt. Berre til å lesa!

Klem

-- mor gunvor







-  og  eg er so sæl!

tirsdag 11. november 2014

Kvardag


Ein liten tur til "bakken" i dag og. Fint opphaldsver med ein kald austatrekk. 

I dag var eg så fasinert av ein mosegrodd stein på steingarden. Lubben og god. Som om han hadde trekt overseg eit tjukt teppe!
Og eg måtte tenkja at kler  no Gud ein stein slik for vinteren, kor mykje meir skulle han ikkje kleda og varma oss!!!


Så var det adventmysteriet. Fekk oppskrift på 3. del i går kl 18 og sette i gang att. :)) Veldig gøy å fylgja med på fjesboka og sjå kor det går med dei andre tusener strikkedamer:)) Mange koselege kommentarar!
Men jammen var det ei utfordring med dei rosene du! Fargevalget er det eg finn som eg kan avsjå for primulateppa. Det som ser blått ut er mørkraudlilla. Kan spørja om hjelp og, men eg har no greidd meg. men det er aldeles ikkje feilfritt! I morgon kjem 4. del! Gleder meg! Kanskje det er for vanskeleg!! ?

Ha ei velsigna  natt!! 

Klem 



mandag 10. november 2014

Strålefryd




Lenge no har deler av dette diktet som star nedanfor surra og tona i hovudet mitt.

Når eg har gått tur i fint ver og tenkt på kor godt eg har det! 

Jeg kjører frem gjennom strålefryd!  "Strålefryd!" - det må vera vakkert! Men av og til føler eg det sånn.

 Srålande fryd - ? ! Og så har eg leita i minnet etter versa og teksten, men ikkje funne. Leita i songbøker. 

Men så fann eg dette på nett og "leste så oyet ble stort og vatt!"

Ja les du og! der er så mykje!

" de sad i tonen som i en gynge" !!!

Og det er nå vel flott det han skriv om hjemmet!

" Og det som bærer det gjennom freden er hjemmets pulsslag i travelheten! !!!

Tenkte eg på det i travelheten i ungdommen - med barneskrik og nattevak?

Og det verset:

"Tross alt det fine i fremmed duft,
helt ren alene er hjemmets luft.
Der møter bare det barnesanne,
 og synden kysses ifra din panne,
til hjemmet hist står det åpne døre,
thi derfra kom det og dit det føre!"

Det er berre å drøyma om at det var så ---

Eg fann altså ei blogg på nett:

Dagens Dikt

Et daglig dikt til glede.


lørdag, august 21, 2010
 
GOD MANDAGS MORGEN.

Som ukene går. Snart er det September!!!!

I dag, Bjørnstjerne Bjørnson's kjærlighetsdikt til
kone og familie, som han (og vi alle) alltid bærer med 
oss i tankene. - - - 

JEG KJØRER FREM GJENNOM STRÅLEFRYD:

Jeg kjører frem gjennom strålefryd
i søndags stillhet med klokkelyd
Og folk forbi meg til kirke kjøre,
snart stiger salmen for åpne døre.
Godt mot! du hilste på fler enn meg,
skjønt du i skyndingen så det ei.

Jeg har det herligste reisefølge,
skjønt det seg stundom kan listig dølge;
men når du så meg så søndagsglad,
var det fordi vi flere sad,
og når du hørte meg dempet synge,
de sad i tonen som i en gynge.
Godt mot! Du hilser osv.

Meg følger een med en sjel så stor,
for meg hun ofrede alt på jord:
ja, hun som lo når min båd ble krenget,
og ble ei blek under uværshenget,
ja, hun imellom hvis hvite arme
jeg kjendte livets og troens varme.
Godt mot! Du hilser osv.

Se deri er jeg av sneglearten,
at huset bærer jeg med på farten,
og den som tror det er tungvint bør,
han skulle vite hvor godt det gjør
å krype inn under taket atter,
hvor hun står lys mellom barnelatter.
Godt mot! Du hilser osv.

Hvem ei har kjærlighet i det små,
han kan ei mengdens, ei minnets få:
hvem ei kan bygge sitt eget hus,
hva stort han bygger, går og i grus.
Med seir fra Moskva til Cartagena
han dør dog ensom på St. helena.
Godt mot! Du hilser osv.

Et enkelt hjem bar så titt et land,
når ut det sendte dets frelsermann,
og mange tusen av hjem det var
som landet frelst ifra slaget bar.
Og det som bærer det gjennom freden,
er hjemmets pulsslag i travelheden.
Godt mot! Du hilser osv.

Tross alt det fine i fremmed duft,
helt ren alene er hjemmets luft.
Der møter bare det barnesanne,
og synden kysses ifra din panne,
til hjemmet hist står der åpne døre,
ti derfra kom det, og dit det føre!
Godt mot! Du hilser osv.

Godt mot, du vandrer på kirkevei;
du ber for dine, for mine jeg:
ti bønnen bærer et stykke frem
på veien mellom de tvenne hjem.
- - - I bøyer inn; jeg må vidr'e kjøre
mens salmen følger fra åne døre
-Godt mot! Du hilste på fler enn meg,
skjønt du i skyndingen så det ei.
: : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : : 

Hvor mange av oss føler - og tenker over - 
hvor mye godt vi bærer med oss gjennom
livet av kjærlighet og godhet.
I vårt hektiske liv: Stop og tenk litt på det.

HA EN GOD DAG.





Home | Archives

Powered By Blogger TM




På laurdag, som var, kom det to karar til graut. Den eine vaska og den andre var sjåfør i nyinnkjøpt Marzedes! Stolt som bare det. Flott kar  i flott jakke i bildøra, spør du meg! Me hadde koseleg drøs medan den andre skeina opp huset!
 Og tida for frå meg så bilete vart det ikkje! 
Mange år i mellom oss men det går ann å finna tonen! Det er ei velsigning, med barnebarn! Eg elskar dei! Kvart eit har  ein spesiell plass i hjarta mitt!!! Og eldsteguten til minstabadet er herleg!



Det blei tur i dag og! I går var det farsdag med nokon som ville feira far sin. Kjempegildt! Så eg droppa turen.



Eg har stupt uti "Adventsmysteriet" på fjesboka og no har eg klart å ta dei andre att! Tusenvis i landet og andre land held på med å laga skjerf. Kjempe engasjement. Eg begynte og rekte oppat, men greidde ikkje stå imot. Så no heng eg med, gamlo!
    
        O`HAPPY XOX DAY      :)) 

 (Har fått med meg at XOX betyr klem og kos)


XOX - Gunvor







torsdag 6. november 2014

Kastanja fall


I går var den store dagen då dei tok i ferd med "monolitten"!!
Det var både spennande og skummelt, om ho datt som ho skulle. Men det gjorde ho, og Håkon var den  som siste gongen var i traktoren og nippa ho ned med knast og drønn!
Ho traff den førstestokken, elles hadde det blitt sørre grop i bakken. Så  rulla ho dit ho ligg.

Ho blei nok ein del over 100 år, Etter som den eldste her hugsar treet då han var liten.
Får mest tårer! 
Ho har sett generasjonar koma og gå - -
Det er nesten dødshjelp. Men ho var farleg etter som store greiner rotna og kunne detta på vegen.
No er det tomt i lufta der ho raga.
Men so kan han ha blomar i sørveggen. Sol nok no!


Her sagar han rundt toppstokken.

No hald han på å sagar han i betar, Vanskeleg nok for saga er gor liten!
Nydeleg ver, Ogeg har hatt min tur, Kaldt. Berre 4-6 grader i dag!

Klem
mor - Gunvor