søndag 16. november 2014

Fuglen

Høyrde sangtimen i dag igjen.

Og så song dei mangt av Per Sivle. Dette diktet kan eg ikkje minnast eg ha høyrt. Han tok meg så sterkt, for eg er vist ein slik fugl! -- Utan grein  å syngja på!



Fugl

En fremmed Fugl jeg var og er,
blandt mine egne dog især.
En fremmed Fugl, en fattig en,
som søger sig en liden Gren.


En liden Gren at sidde paa,
hvorfra jeg kan min Trille slaa.
Jeg har endnu en Sang igjen,
og gad saa gjerne synge den.



En liden Gren med Vaarløv paa,
og er den bar, nu vel, lad gaa!
Og om jeg ikke faar en Gren,
tar jeg tiltakke med en Sten.



For synge maa jeg end en Gang;
jeg har endnu en fattig Sang.
— Men sig mig, Gud, er det ei slig,
at den, du gav en Sang, er rig?

Per Sivle
------
Har ein liten fugl i meg eg og! 

Fuglen min

 Å, vesle, vene fuglen min,
kvi syng du så?
Kva rører seg i hugen din
og sprengjer på?

Du kvitrar glad i morgonstund
Med liv og lyst.
Skal tru det snart kan sprengjast sund
ditt vesle bryst?

Å, lær meg, vesle fuglen min,
å syngja ut,
når gleda bryt i hug og sinn,
min pris til Gud!

Klem 
--- mor Gunvor


1 kommentar:

  1. Har heller aldri sett denne songen av Sivle, det er ein vakker song. Sjå på siste lina, eg synest du Gunvor må vera sanneleg rik, for du har ikkje berre ein song i deg, du har mange! Fint at du deler dei her.

    Helsing Vetlataslo

    SvarSlett