fredag 26. juni 2015

Å koma til Albania!


Dette synet møtte oss frå ballkongen hjå Marta tidleg første morgonen av Albaniaturen. Varmt og godt med utsyn over knallblått hav.

Her var me for det meste når me ikkje var på turar, elle sov.

Kaffikopp, vatn og strikk var aldri langt vekke, for sola kom ikkje her før på ettermiddagen. 


Men nokon av oss strena til stranda, som berre var rett nedanfor. så snart høvet baud seg! Eg var og med på det eit par gonger, men dett var anstrengjande! Men eg duppa føtene første dagen og andre gongen var eg jammen uti heile meg! Minntest gamle kunster. Men kroppen ville liksom ikkje det eg ville. Stavane måtte med like uti. Godt ikkje Brita var langt unna heller når eg skulle opp att.


Biltur med Marta og leigebilen til ei onnar strand  og åt. Palmer ute og inne. God plass. Folket kom nok seinare.

Og det blei solnedgang 1. kvelden, 


Fløyelskveldar var det fleire av.



Ha det!

---mor Gunvor på reisefot.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar