onsdag 1. juli 2015

På besøk i ein albansk heim

Ein kveld var me bedne  heim til Familien Rapai, Sysken og foreldre til Arti som Marta hdde vennskap og samarbeid med.
Mor og far tok varmt imot oss i hagen. Den var inponerande!!. Ikkje i omfang, men alt dei fekk til å veksa der. Der var planter i krukker og på friland, tett i tett. Store tre, så me måtte bøya oss for drueklasar og anna frukt. Der var mandel- fiken- fersken- pære- oliven og andre tre. Der var tomater agurker, gresskar, jordbær og eg veit ikkje kva der ikkje var. Poteter hausta dei fleire gonger i året.



Ein hane gol og forkynnte sitt rike med høner og hus! 
Inne vart me trakterte på beste måte av mor Rapai som var utdanna og hadde vore kokk, og ei syster, og så  Arti og Seni i godt samhald og samarbeid. Dei gjore ofte dette for turistar som kom til Sarande. Alt som blei severt var tradisjonrikt og av eigen produksjon, Og det smake veldig godt alt!
Marta var tolk, for dei eldste av oss kunne berre anten albansk eller norsk.


Til slutt fekk me ei utsøkt dissertkake frå frukt frå hagen.


Denne vakre heklebrikka fekk eg i gåve av mor Rapai. Det er eit vakkert minne frå eit hjarteleg og vellukka møte med dei.


Siste dagen, like før Seni og Marta fylgjer oss til båten, gjennom, eller helst utanom poletikontrollar. Og dei må ha instruert båtmannskapet å ta sers vare på den gråhåra dama, for eg vart nærmast boren over hidringar me møtte til, på og frå båten!


Her er siste glimt av sola over Korfu reisedagen ved innseglinga til hamna der. 
Så var det buss til flyet. Me fekk sjå litt av Korfu og dermed vera litt i Hellas og! Då me kom, såg me ingen ting for det var natt då.

Her jobbar Brita! Masse koffertar, stavar, rullator/rullestol,  bilettar og orientering på alle vis! Men det greidde ho fint. ut og inn i sjekking og "geiter" og fly. (Gubben sjolv trudde han måtte sjå ut som ein gangster, for han vart nøye sjekka før kvar einaste fly!! Gamlemor slapp heller ikkje fri). For dette gjentok seg 6 gonger på denne reisa. 
Stor takk til henne og Marta for ein sers vellukka tur!! 

Ha ein fin sommar!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar