onsdag 1. oktober 2014

Overraskande bladarbeid



Regnkåpetur i dag. Har ikkje fått meg støvlar og regnbuksa enno.


Gjekk i le av steingard og buskas for vind frå sør. Hetta seig ned i panna så eg såg helst det nedpå marka. 

Sjå den fine steinen! Nydelege fargar! Skulle lagt eit teppe slik!  - med garnrestar! Ja, du og du, kva ein kunne laga, om ein berre nytta stundene og anledningane!


På laurdag sat denne humla og godna seg i georgina, saug til seg siste rest av sommar!


Så vart det brått bladarbeid!
 Fekk ein e-post med heile bladet til Nora: Glytt frå ILCT! Ho var heilt opprådd for skrivaren hennar streika og ho skulle til Tanzania! Då var det ei lukka at min skrivar stod her! Det er jammen gode greier når det kan ordnast  berre med tastetrykk! Ja det er under på under! Og så at eg, gamle mennesket, greier å ta imot det og få det til å bli blad, ja det er berre et stort under heile greia!
 Det er eit ubegripeleg gildt arbeid!
Noko nytt måtte eg gjera med dette bladet, og det var at eg måtte stifta det i ryggen! Men eg fann ein slik stiftar med arm på som virka, - sånn av og til i allefall! Blad blei det, og det gjekk i posten i går.
 Og i dag fekk eg første responsen på det! Det var ei ekstra gleda. 

Det går an å lesa meir om arbeidet til Frøydis ved å gå inn på  www.iraqw.org 
Og vil du ha "mitt" blad som heiter Nytt om iraqwbibelen, så berre gi meg eit vink. Bladet kostar ikkje noko, men viss du gir ein liten skjerv (som Frøydis vert veldig glad for) så får du Glytt og automatisk.




2 kommentarer:

  1. Ja bladet var i postkassen vår og i dag.
    Ikke værst det at det går så fort.
    Du er jammen flink. Ikke alle på din alder
    som kan så mye på data. Hørte Daniel
    hadde skrytt av deg.
    Du er flink som går tur i alt slags vær også.
    Det er bra. Ha ei fortsatt velsignet god uke :)

    SvarSlett
  2. Eg lærde data fordi eg eg skulle laga det bladet. Han har gitt meg styrke og innsikt etter kvart. Det har jammen ikkje vore lett alltid, å finna ut av ting sjølv. men på ein forunderleg måte har det halde fram. Skulle ha slutta for lenge sidan, etter menneskelege mål, men kven vil gjera det då? Herrens spør ikkje om me duger, men om me er villige! Takk for gode ord! Det varmar. Mange går tur og er flinkare enn eg, men kanskje dei vert litt oppmuntra av det eg skriv?

    SvarSlett