tirsdag 11. november 2014

Kvardag


Ein liten tur til "bakken" i dag og. Fint opphaldsver med ein kald austatrekk. 

I dag var eg så fasinert av ein mosegrodd stein på steingarden. Lubben og god. Som om han hadde trekt overseg eit tjukt teppe!
Og eg måtte tenkja at kler  no Gud ein stein slik for vinteren, kor mykje meir skulle han ikkje kleda og varma oss!!!


Så var det adventmysteriet. Fekk oppskrift på 3. del i går kl 18 og sette i gang att. :)) Veldig gøy å fylgja med på fjesboka og sjå kor det går med dei andre tusener strikkedamer:)) Mange koselege kommentarar!
Men jammen var det ei utfordring med dei rosene du! Fargevalget er det eg finn som eg kan avsjå for primulateppa. Det som ser blått ut er mørkraudlilla. Kan spørja om hjelp og, men eg har no greidd meg. men det er aldeles ikkje feilfritt! I morgon kjem 4. del! Gleder meg! Kanskje det er for vanskeleg!! ?

Ha ei velsigna  natt!! 

Klem 



1 kommentar:

  1. Såå kjekt å fylja med deg på mysteriet ditt! Mitt går trått, er veldig ambivalent til hele prosjektet! Syns det er gøyere å se på alle de ulike tolkningene enn å strikke på det selv. Eg har så mye annet jeg strikke på for tida: genser til meg selv, dobbeltstrikk av sitteunderlag, liten genser til fadderjente mm.
    Stå på du mor! Eg gler meg over ditt mysterie! :-) :-)
    Stor klem fra minstajentå! <3

    SvarSlett