fredag 31. juli 2015

Blomar langs vegen




Blomar langs vegen.
Vi er på vandring i dette livet, 
ein veg vi alle har fått gå.
Og ingen veg er på prikken like 
og ingen av oss får stille stå.
For tida står nok aldri stille 
og den som lever må fylgja med.
Vegen går gjenom ulikt landskap, 
frå fjell til sletter med stille fred.
Det er ei lukke for kvar ein vandrar, 
viss han har valgt seg den smale veg.
Han vil i ørken og ulendt lende
 ha ein som fylgjer seg steg for steg.
Ja, foten den kan bli sår og sliten 
og byrda kjennast så tung og hard.
Då er det godt i Ordet kvila – 
få nye krefter frå Gud, vår Far.
Vi trur så ofte det er det beste der vegen er både bein og flat,
Då er det lett og vandre 
og vi treng mindre ljos og mat.
Men nå er eg glad for at min veg vart bratt, 
då fekk eg bruk for meir ljos og meir mat.
Når eg under byrda må bøya meg ned 
og sakte på vegen gå,
 då ser eg Jesu fotefar og blomar langs vegen stå.
Når ljoset frå korset får lysa opp vår sti, 
får allting nye fargar og vi blir glad og fri.
I kvar ei hand som hjelper, eg ser ein vakker blom 
med kjærleiks duft og farge ifrå Guds herlegdom.
Og blomen skaper glede og gleda skaper takk,
 og takken skaper jovsong til Gud, ja, lov og takk!

Solfrid Vika.

 
Ja dette tenkte eg på når eg gjekk der på vegen i skoddeveret på ferietur hjå fanilien til vår kjære son si hytta. 
Me har opplevt så mykje denne sommaren og sett så mange slag blomar langs den opplevingsvegen!


På vegen til Florø fekk me ein kjærkomen pause i køyringa hjå syster mi og mannen,


og Bessy, som har innteke ein sor plass i hjarta mitt. Ho pla smila så fint når ho vert fotografert, men her er ho litt usikker, trur eg.


Me vart henta og det var berre å fylgja med. Turen vart mykje nytta til strikking. Bilstrikk. Slikt som me ikkje treng sjå på. For det var veldig fint ver og ikkje kaldt. Fjordar og vatn låg spegleblanke alle stader. Frodigare og frodigare blei det di lenger me kom. Vinden hadde nok ikkje ruska så felt der.


Han


og  ho

ved grytene 

og benken i godt sammarbeid!


Litt pynt er det og plass til.


" Eg fan! Eg fann!!" Han vart veldig begeistra for denne! Då veit vel dei fleste kor me var henn. Me jentene var i ei ell onnor garnverd, og oppslukt av det. men me såg byen me og!


Rosene i hagen til mommor som fekk besøk.
Takk for nydelig mat og omsorg! Best det var slokna me i kvar sinn stol!


I opphaldsver kunne me sitja ute, ved hytta.


Men arbeidskrafta må nyttast!


Trefelling! Den gamle oppe i treet -- yngre generasjon står og ser!
Ja, eg må sei eg er stolt av han "min"! -- Men dei er no litt mine dei to ande og!



Tre generasjonar i aksjon, godt instruert av den unge svigerdotra som har gått på skogskurs. Treet skal ned mellom ei straumline og hytteveggen!



Etterpå er " hele folket" - naboar og - og ser på, veldig letta! Men på det mest spennande 

tok vist alle beina fatt!





Strandtur stod og på programmet. Her sit me og ser utover sjøen!


Om det ikkje var sol og det kom ei regnbya, så var det nydeleg!


Vegen ned var slik. Der lengst nede i det smale, var det veldig bratt.



Slik såg det ut nedanfrå! Men eg kom meg ned, for eg VILLE så gjerne ned. Det minna meg om Tveitefjøra nedanfor barndomsheimen min. Der me sprang ned og bada så snart me hadde ei stund, heile somrane.


Men det gjekk godt, for eg hadde jo desse med. Her får dei kvila og eg har fått traktering!! 


Heime venta Bladet på meg med mykje konsentasjon og prøving og feiling i alt det nye i dataverda. Mine små grå har nok stivna litt, og er ikkje så kjappe lenger. men med han som hadde lova vera med å læra meg veien, han svikta ikkje. Sjolv om eg til tider var både sint og lei, så eg gav opp og sløkte alt og gjekk ut. Tårene var der og. 


Men eg opna opp att og visste at figuren på hylla på kontoret mitt, stod der enno. Ein arv frå heimen min! Den minna om  om han som velsignar og som har velsigna og vil velsigna! Så løyste det seg på undefull vis denne gongen og, så eg kunne levera bæreposen med blad i posten i går. 
Så er det å venta på returpost. 
Ja for det skal berre eit feil tal, eit nummer  i ei adresse, så sender posten det til meg at.
Mange er flinke å senda endringar i adressa til meg. Det er eg glad for. Det sparer meg og ILCT for mange kroner for eg kan jo  senda rekning til ILCT på det og. 

Ja, og så har eg sendt mange blad elektronisk på e-post. Ein del vil ha bladet berre slik. Det sparer masse porto! 
Men så kan det henda nokon byter e-adresse, eller ho blir feil. Då kjem det att til meg. Det er jo synd at dei ikkje får blad i det heile. Så eg prøver så godt eg kan å spørja på telefonen .

Men det er veldig gildt at så mange vil ha blad og støtta Frøydis som står så på!

I går gjekk eg ut i den kalde vinden og såg på kva han min hadde strevd med om dagen.


Her forskalte han, her som nordavinden kom som ein foss inn!


Her skal han tøma støyp og laga platning. Godt å gå!


Då dei måtte ha større melketank på garden, måtte det bli ny dør. Han min har lagt fliser nede i døropninga og noko innover golvet.


Fint, ikkje sant?



I hagen var det lunare. Og jammen blømde det fint!


Nydeleg!


Og jammen ei Keisarkruna og!


Tagetisen greier seg bra, men Multifloraen strevar felt i år.


Men denne Hortensiaen har ikkje greidd ein einaste blom i år.


Godt å koma inn til eit enkelt spøt!

I kveld skin sola! Skulle vore ut og lufta meg, men var til Bryne på føremiddage, så det får vera nok for i dag.


Det var meir blomar langs vegen denne sommaren, men det får vera til ei onnor gong.

Klem frå nybakt oldemor.





1 kommentar:

  1. Takk for besøket og takk for god hjelp med slått og skoging. Gildt å hå dykk her!

    SvarSlett