fredag 1. januar 2016

Godt nytt år!



Siste dagane i 2015 var blåsande og fulle av allslag uver, men mellematstider siste dagen letta det  og sola kom inn under skjylaget og sa liksom farvel til gamleåret! 


Første dagen i 2016 kunne eg gå tur i stilt fint ver, og same sola helsa meg !
Det minner meg om at Herren er den same, og han smilte og sa :

Her er eg! Ver ikkje redd om det stormar! Eg er med deg alle dagar , og alle slags dagar.! 


Her tittar snøklokkene opp i dagen!


Etter julrgåvestrikk, jul og feiring, må me snart rydda det heile bort - til neste jul!

Men han som kom julenatt er her hjå oss!

Sola stig høgare og høgare på himmelen -


-  og snart er det slik !!

Me må berre nytta tida og telja dagane!

Og det er mange som treng oss!

Statsministeen tala nettop og minna oss om alle flyktningane!

Men me seier vel det, me som har levt veldig lenge:  Eg han då ingen ting gjera ?!

Men medan eg sit og  lagar lykkje på lykkje, og til slutt blir det eit plagg. Eg kan føya til ein god tanke - ei bøn - i lykkjene - for den som skal få det eg lagar - og for alle eg kjem på!

Me er mange som strikkar!

Det er ikkje fånyttes!

"Det er makt i de foldede hender!"  
(me kan be om me strikkar og)


Godt nytt år!

1 kommentar:

  1. Ønsker deg et velsignet godt nytt år.
    Ja en kan være til velsignelse uansett alder.
    Alltid noe en kan gjøre for andre.

    SvarSlett