torsdag 21. september 2017

SUS



Vert vist fin!
Travelt oppteken med nytt lite oppdrag. Et par pulsvarmarar. Funne garn i rett farge og eit mønster som vart godt motteke av  oppdraggivar.
 La meg glad og fornøygd, sovna om litt slik som til vanleg..og vakna  som vanleg utpå natta. Då  har eg som regel vanskar med å sovna att. Hjarta er uroleg og eg kjenner på at det arbeider veldig. Men når eg kjenner på pulsen, så er den nokså vanleg berre litt rask . Og eg roar meg med det. Herren styrer med dette og.
Men dette var litt annleis no . Greidde ikkje telja slaga og det   var  uvanleg aktivitet, som ein dur der innom ribbebeina!  Det var rett og slett inga god kjensle.
 "Kjem du og henta meg no , Jesus?  Eg var ikkje redd , men tenkte sjøvsagt på alt ugjort og alle mine misstak og --. Men  eg kjende freden. Han hadde jo ordna det før -- og bestemt kor mange slag hjarta skal slå!
Men eg ville jo leva! Hadde jo lova strikka pulsvarmarar!
Telefonen låg  på nattbordet og  etter fomling og uvissa så fekk eg kontakt med "helsenorge"! Stilt stoppa bilen i utanfor og roleg for han.  Ikkje noko dramatisk.  Kanskje merkast litt raskare fart då Helsepersonen registrerte resultat frå apparat og ledningar  feste til min kropp og rapporterte den til sjåføren.og eg visste at det også alt var fare til SUS gjennom eteren.
Tankane mine var att heime , og med å få  meg nokolunde konfortbelt med unerlaget .Det er ikkje berre berre å strekkja ein gamal kropp ut på ei flat køye! Men den stillfarande karen var så full av forståing at eg var reint rørt.!
Dei forlet meg i motakskjellaren, liggjande i  ei av  alle dei oppreidde, tome sengene der med  venlege gode yngskje og Hei! 
SUS!
 Du verden! 
Stilla slo om meg

Eg var veldig åleine, men kjende meg ikkje forleten. Eg visste at Herren var med i dette og.
Tenkte på alle mine. Barn og barne barn og alle, - spreidde hit og dit, midt i livets malstraum.  Herren visste om dei og! For meg var dei berre eit trykk på telefonen unna,.
Ingen visste om meg enno.
. Det var no godt og.  Hadde eg ikkje tenkt mange gonger at eg kunne no helst få flytta herifrå  i det stille. 
Men så kom pleiarane. og eg vart flytt til rom med masse skjermar og greier
Eg kunne ikkje dy meg: "Er det litt stille her no?
Reaksjonen var påfallande, endå ho heldt seg heilt roleg og kontrollert: "Ne-e-i! " drog ho på det med eit lite sidblikk, Travle hender  på lednigar og apparat og med raudnande hals og kinn.
Åh! tenkte eg der eg låg. Travelheten nådde berre ikkje meg der i mottaking



 Eit anna lydlaust vesen kom med alvorlege vaktande augo  på skjermar over hovuddet mitt. Men så feste ho heile si merksemd smilande på meg,og helsa på meg som gløymde å seia mitt namn  i fofippelsen . Men ho spurde :"Kva heiter så du, då"  Eg kjende at det låg varme i orda.
Dei pusla med meg, apparat og utstyr før dei for med lovnad om at dei kom snart att.
 Eg dorma vist litt for klokka hadde gått tldri så lite
Ei eller onnor gong inn i dette kjen ei mot senga og ser tenksamt og forundra på skjermar og meg og alt. "No er det gått ned!" Eg skjøna ikkje då kva ho meinte, men etterkvart spreidde ein fred seg i meg, det romesterte ikkje så mykje inni bringa, Me forstår ikkje kva det er, men  no går hjarta ditt mest som vanleg! Sjølv om det  låg ein spenning att i det, så var det utrulege skjedd: det hadde ordna se sjølv!
 Herren hadde vore der! Sjølvsagt var det det!!

Eg vart køyr opp i sjukehuskoplekset  og såg for meg eit fredleg rom  med vegger og tak og utstyr.
Portøren snøydde senga inn døra på avdelinga til ho støytte i to dører.. Kom ikkje heilt forbi inngangsdøra med fotenden så skjermbrettet ved fotenden skjulte ikkje opninga heilt, neste skjermbrett skulle skjerma på sida, men vart heile tida skua bak fotenden eller ut i romet for å få plass til stol som ein eller annan skulle sitja på og informera meg. eller til besøk. Der var eit til skjermbrett, men det var vist stadig på flyttefot i avdelinga. Eit bord til tinga var der, ja. Eit som utallige hofter sikkert fekk blåmerker av. Dei to måltida eg fekk var gode og servert med kjærleik og omtanke. Då var det klaff på bordet og eg sat på senga med utsyn og innsyn til og frå andre rom og travel gang.
 Skulle eg på do , leita dei fram ein rullestol og kjøyrde slalom i gangane til eit sånnt stort do. Så ringde eg når dei skulle henta meg. Alltid smilande og hjelpsame. 
Ein gong var det ei legedame. som hjepte meg,.
Eg hadde jo omsider fått lyseblå  natt-dress og sko. Som hjertepasient skulle eg vel liggja, men eg var likemykje ute å farten i rullestol. 
Eg tok ingen andre ting på meg når eg skulle til røntgen heller, Då gjekk det så det suste gjennom gangar og dører og heis. til sist vart eg plassert blant andre folk i skikkelege klede ved ein vegg. "Dei kjem snart og tek deg inn". Etterpå plasserte dei meg på same stad. Og der sat eg og der sat eg , Kald trekk og masse folk. For meg var det som langt over timen og eg hadde surna ein del. Det må han ha tenkt seg, portøren som kom. Han prata og skøya heile tida, med alle han møtte og med meg. Hjelpsomhet og omsorg rann av han på eit gebrokkent språk, så eg gløymde alle sure tankar!

Mange tankar surra i hovudet mitt medan eg låg inne der.. Mange hendingar fekk  tankar i sving. Noko av det som sette seg fast var desse EKG greiene.dei sette på meg heile tida og den kjensla av å verta  fast.. Då kom denne sangen til meg: 

Jeg er bundet fast til Jesus,
bundet fast med evig bånd.
 Inntet makter nu å rive
 meg utav hans sterke hånd.
Han er min .min hele rikdom, 
jeg er og hans kjære barn
glad til himlen vil jeg drage J
Jesus banet har min veg.

(Fritt etter minnet)


Oppi alt dette kom døtre på besøk og meldingar rann inn frå herlige barnebarn  og barn . Kor rik eg er! Dei fleste sa dei hadde og ville be for meg ! Kor dei visste om meg?

Sa eg at eg var kald på føtene  kom  nykjøpte ullsokkar  til å dra på! Endå til garn og pinnar  om eg skulle vera lenger .!! Så plasserte dei gamlemor trygt i bilen sin og suste heim, grundig analysert,, vurder og instruert til pillepåfyll av høgaste legehold.


Sei kva de vil om Helsenorge, men eg har i allfall opplevd at dei legg seg i selen!

Takk!

Og takk til mine kjære
*

Min fremtidsdag er lys og lang
 den rekker bakom tidens tvang!

En evig arv  hos Gud jeg har
 i Himlen er den i forvar
Og under prøvetiden her 
jeg får av Gud hva nyttig er!

Pris være Gud  som styrer så
  at  jeg urolig ei    skal gå
For meg han alltid sørge vil
i alt som her meg støte til..

Frå songboka 885






1 kommentar:

  1. Hjartevermande å lesa. Heldig er du, Gunvor, trass sjukdomen!

    SvarSlett