tirsdag 7. oktober 2014

Haust.


Gildt med besøk!
 Det er ikkje feil med fjesboka! Best det er så ser du nokon som vil koma!! 
Minstajento kom - og let seg frista! Mor hadde endå til KREM!
Koseleg strikke/hekle-økt !

Turen var sånn Gå utan om greiner-tur! Var litt redd for å få noko i hovudet og!
 Lauva dansa forbi meg på vegen.


Og eg kunne vassa i vese lauv!


Lunt inne i hagen.

 Eit tre hadde lote falla for øksa (saga) i dag. Det stod attmed den eika som står midt fram.
Eika kallar me for mi. 
Me tok ho med frå min barndomsheim i Hardanger ein gong me var heim der då ungane var små. 
Ho vart planta der, nederst i hagen, Men hadde mange store tre som skygde då. No råder ho grunnen mest åleine
og er slikt eit fint tre som eg er så glad i.


Her har gartnaren vore og fjerna Multiflora og Skaugumar.

Ja, det haustar.

Men tenkjer eg rett, så ligg det snart løkar i jorda!

Ikkje grav, ikkje pirka!


På hausten det lei, mot vinter det lakka,
då kjøpte eg heim dei gildaste pakkar
med blomstermotiv i sprakande fargar.
Og tanken fekk liv av draumen så fager.

På pakken eg las og lærde mi leksa.
Så fann eg ein stad min draum skulle veksa.
Og draumen, ein knoll, eg planta i jorda
var brunleg som mold og ikkje for auga.

Om molda var god,  han låg der berre
i stilla og ro – du visste det, Herre.
Når  vinteren kom med stormar og kulde,
han hadde sitt rom og låg som han skulle.

Når våren så kom med varme omsider,
eg kika meg om og såg etter spire.
Eg fann ikkje på å grava og pirka
i molda, og sjå - og i spira lirka!

Nei, venta – og venta, vatna og verna!
Men eg er så brå og eg vil då så gjerna!
Det er kanskje ikkje eg som ser blomen
få opna seg der, når tida er komen?

Gunvor

Ha gode haustdagar!

Klem frå - mor Gunvor

 

1 kommentar:

  1. Så godt å koma heimom te mor og far på Grødei! ♡ Alltid hjartevarme og omsorg-drøs og goe kveldsmat!TAKK! ♡♡♡

    SvarSlett