torsdag 2. oktober 2014


Å, det er velsigna med Misjonsradioen om morgonane! Fin song og enkel bodskap. Evangeliet rett inn i hjarta! Godt å få starta dagen med Guds ord og bøn før alle tankar suter, og inntrykk kjem ramlande inn over meg. 

Eg hadde ikkje den
store gnisten til kvardagen i dag. hadde planar om gjærbakst, men kom liksom aldri i gang. Tusen tankar forvilla meg liksom. Gildt nok. Telefonar og meldingar frå mine kjære var det og.


Som det stod i ein setning i Familien som kom:
 "Ein dag er som eit liv!" -
 Me opplever veldig mangt om ikkje ein ting vert gjort! Me lever litt i den tida me har levt og så skal me så avgjort vera tilstades i livet som er no.
så tenkjer eg mykje på kva eg skal proritera. Eg har vel ikkje allverdens tid att. Og så fer tida!

No
Eg sit her og undrast på tida, 
ein morgon i stilla og fred
Eit no let seg slett ikkje binda,
det fer mens eg tenkjer på det!

Men kva skal eg tenkja og seia?
Er no dette eine eg har?
Ein ævebit fått til å eiga,
av Herren, vår Himmelske far.

*



Ein løvetann i knopp - og ein med snøkvitt hår! - -

Turen var vakker i kveld! lange skuggar og mange fuglar på straumtrådane! Dei sat der som notar! Og song og vitra noko forskrekkeleg. Ei og anna lerke tok sine stup over kjelvevidda.


Naboen har fått ungdyra heim nær garden. Her kan dei ha det godt til hausten jagar dei einn. Mjølkekyrne er inne forlengst.

Og så kom eit kjekt besøk om kvelden!

Dagen var gått. nange no hadde eg fått! - - -


Klem frå   mor-Gunvor

1 kommentar: