fredag 27. mars 2015


Ein kald dag var eg tur til  åno, nedi Lunden. Der er reine urskogen. Ikke mykje vår her, men åno brusar i bakgrunnen.


Gjekk oppå den gamle tippen der nede.. Litt uført for ei gamal kjerring, men det gjekk godt og jammen titta sola fram og gyllte kvist og lauv og dei mosegrodde steinane!!

Frå kanten av tippen såg eg rett ned på den skummande elva! Det ser ut som is og snø på, men det er sola som får det til å glima på biletet.


I dag gjekk eg den vanlege turen og vart møtt med inteens "vårlukt"!! Her har eit barnebarn vore med spreiaren!

Utanfor huset heime står stuen etter kastanjen, kjempa som måtte falla i haust. Gartnaren min har sagd ut ei grop som skal koma mold og etter kvart blomar i ! Kan tru eg gleder meg!!


Og så litt påskepynt å troppa!!!

Det er for å gleda oss som kjem , eller går framom, og for å minnast at det er påske og kvifor me har påske ---

for å minnast han som er "Herre over dødens makt"
 og kan gjera vinter til vår - endå ein gong!  :) 

Ha ei god Palmesundag helg!!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar