tirsdag 31. mars 2015

Snødett


Påskepynt inne.




For slik var det ute i dag! Ei skikkeleg snøbya med store flukser1


Men snart glitra sola i diamantane på påskeliljene!


Og på stedmorsblomane som har halde seg litt i bakgrunnen på terassen enno.

*

I går var ein spesiell dag for meg


Veslebroren min vart hjarteoperert. 
Ilt å tenkja på at han låg på operasjonsbordet. Eg har opplevd det veldig mange gonger, men ikkje for hjarta.
Eg har så mange fine minne om han. Heil frå han vartt fødd. Som treåring skjøna eg ikkje at han var vår. Trudde det var jormora sin gut og at ho gløymde han når ho for!
Eg hugsar han mest som vilter gut i førskulealder og me leikte saman i Litun.. Men det er så mange minne gjennom eit så langt liv.
Men han var trygg og god då han sulle opererast. Og no etterpå let han og vel. 
Det er berre eg som er hysterisk. 
Eg veit jo at han er i Herrens hender kva som skjer!
Men eg likte ikkje at han skal ha det vondt og ha smerter!
Godguten!


*



Gratulera med Dagen Guro!

*


Her er klutane eg fekk av Marta komne i bruk. Hadde litt krig med meg sjølv om meg kunne ta dei i bruk, for eg tykte dei var for fine! Men det tregar eg ikkje på! Dei er veldig gode i bruk og held seg fine om dei er våte og. Gode  klutar! Og så pyntar dei opp i kjøkenet mitt!



Og så har eg begynt med noko nytt hekl!
Eg er ikkje ferdig med Primula teppene, men det er godt med litt forandring.

Ha god påske alle!






1 kommentar:

  1. Alltid spennende når noen skal ha en stor operasjon.
    Godt alt gikk bra.
    Ønsker deg og dine ei velsignet god påske

    SvarSlett