I dag berre gleder eg meg og minnest dagen i går:
Store smil, klemmar blomar og gåver med omtanke og kjærleik!
Nytt strikketøy med oppskrift og alt.
Praktisk, rommeleg og fin strikketøyveske med fluffige ullsauer nydeleg utført i tett stoff . Her kan ikkje strikkepinnane stikka ut!
Fint sokkegarn, og målebånd som har vore på ynskjelista mi lenge.
To klutar frå Kluteboka til Bitta: Våryr og To fugler i hånden strikka i ein travel kvardag til mor!
Så kan eg koka meg Strikkekaffi og nyta god sjokolade til, saman med ei strikkeveninne eller to!!
Tusen takk til dykk som kom , og for det de hadde med, for alle klemmar og framfor alt for alle
gode smil!
gode smil!
Takk for telf, SMS og mail og helsingar på fjesboka!
Og takk for god hjelp med å bera ut og inn,setja i og ta or vaskemaskin og ikkje minst å få alt på plass att!
Takk frå
---mor Gunvor
Har du og bursdag i mars?
SvarSlettGratulerer så mye med dagen du har hatt
Koselig med litt besøk på dagen, og så mange fine ting du fikk
Kjempekjekt.
Det teppe Ragnhild fikk var nydelig, Jammen er du flink.
Litt av et tålmodighetsarbeid.
Et flott dikt under her også.
Ønsker deg ei velsignet god uke :)