mandag 12. januar 2015

Sku mot himlen!


Har vorte for lite turar i det siste. Dagane er så stutte, og små stunder mellom byene, - og litt latskap er vel grunnen. Ein dag eg tok ut var det veldig grått og tungt og eg gjekk der og såg i vegen på pøysene og sorpa og tykte det gjekk litt seint, Trea ved vegen stod der og sprikte og risla med greinene i den vesle vinden. 
Så tenkte eg at når eg ikkje fekk ta inspirasjon i naturen, så fekk eg finna noko inni meg!
 Eg hugsa noko frå noko eg las at om me er oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe.
"Sku mot himlen, løft ditt øye!"
Eg måtte smila og såg opp på himmelen som var full av skyer, men og ei revne i skydekket der den blå, klare kimmelen kom til syne!  Snart var det eim stor opning! Nydeleg!

Eg vart så glad og full av gode tankar!

Ikkje sjå –


Sjå deg ikkje rundt omkring
då blir du forvirra
av dei mange verdens ting
som kan lysta pirra.

Stir ei inn i eiga sjel,
mismot det vil skapa,
ikkje sjå på andre hell’,
då du lett vil tapa.

Sjå på Gud, vår Frelsarmann
over alt og alle!
Er du fokusert på han,
vil du ikkje falle.

*


I mi vesle verd går det på strikking. Lubber til driftige, folk som trålar fjosgangar og ferdast i frisk luft i allslag ver. Her er nett eit par ferdig og



her er det eg har på pinnane nett no. Spandert avanserte fletter på desse. Lærer så mykje på Fac-bok-strikkegruppa!  Ikkje heilt utan feil, ser eg. Såg ikkje så godt i gårkveld. 
Bestiller garn og får det rett heim! Skal no prøva det ut. Veldig godt å strikka med er det i alle fall. 

Ha gode januardagar!

Klem

--mor Gunvor

1 kommentar:

  1. Ja varme sokker trenger en selv om en ikke er i fjoset.
    Er helt avhengig av det om vinteren.
    husker ikke helt hvordan den er, men har hørt noe
    som er omtrent slik. Ser du omkring deg blir du forvirret,
    men ser du på Jesus, blir du forvandlet.
    Det er noe i det. Vi må ha blikket festet på det rette.
    Ønsker deg ei velsignet god uke :)

    SvarSlett