søndag 8. februar 2015

Morsdag


Nydelige blomebukett i herlige vårfargar! Dei er no gilde og!
Elles herjar influensa og dei vil ikkje smitta oss! Men me har no best tid til ei influensa, me! Men telefonen er god å ha! 

Me har hatt ein veldig fredleg dag og ynskjer god betring til alle som strir.


Vart ikkje tur i dag. Skodda låg tung over oss.Elles stilt og mildt.etter Ole. Mange andre stader i landet har hatt det heise.


Det har vore så mangslag føre for turane mine. Her kom eg ikkje langt! Men å sjå seg føre og trø eit steg om gongen og bruka stavane, så gjekk det.
Men du så fint det har vore og!


Sjå kor Gud har pynta det visne graset!


Og mosen der eg går!


Strikkekafee er inn no for tida og gamlemor er ikkje for gamal, seier desse damene! Fullt lokale og høgt lydnivå! 
Eg gav opp å konvensera. Brukte augene, heller! Dei fleste bar nydelege kofterog strikkaplagg, med tydeleg stolthet. Somme var nok nett ferdige. kanskje ikkje fått knappar ein gong!!
Ja sjå berre kor fine dei er!
Alle hadde pinnar,nyster og ting i sving.
Ei dame synte fram nydelege strikkekolleksjonar, men hadde stort bry med å få ørens lyd!
Og garn kjøpte me, som var "nedsett". Posane var mange og store.
kreativiteten er stor..

Eg måtte og ha noko. Her er resultatet.

Undrast om veslesyster skal få dei? Dei heiter noko så fint som Polyhymnia!


Ja garnet går fort og dyrt er det, men takka være at me har det så godt her i landet at me berre får pengar i bankenn kvar månad, så kan eg berre handla på nett og få det rett i fanget! Men av og til er det kjekt å gå på mi garnstova på Bryne og sjå alle hyllene med dei herlegaste fargar! Eg vert så sugen at eg må alltid ha noko!
Jento mi sa at i himlen var det masse garn, og so dei fargane !! 

Og kalde føter er her nok av!
Har laga eit tosifra tal med sokkepar i det nye året og mest alt er fare ut. Det er høgsesong på fødselsdagar no!
Held på med nokon små, slike berre til okla. Dei heiter noko så søtt som Søte frøken vår.


Men så er det nokon som ventar på desse teppa! Har to under arbeid og kjøpt garn til ein litt annan sort. Så eg kan ikkje liggja på latsida, 


Ha ei strålande veka!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar