fredag 10. april 2015

Etter Påske

No har me hatt påske og me har vorte minna om KVIFOR me har påske.
Det er så mykje å tenkja på og grunda på der. Det er som det tek pusten frå meg .
Det er som ei sprudlande elv!


Gud sin bekk 

Gud sin bekk går alltid full,
Klår og skir som ekte gull,
Renn sin veg frå fjell til fjord,
Vaskar stein og vatnar jord.

Kastar seg i gjel og juv,
Vegen lagd av Herren Gud,
Knusest så til dropar små,
Kasta opp mot himmlen blå.

Ljoset brytst i Herrens ord,
Lagar himmelbru frå jord,
Doggar várt om veike blom
Som ved fossen fekk sitt rom.

Bøy deg og kom ganske nær
Vil du stilla torsten her.
Du får kraft til nye steg
på ein smal og kronglut veg.

****


Denne stod tett ved elvekanten. 



Ikkje så mykje liv her enno. men det ligg nedi det mørke. Snart spirer det fram!!

****


Var i ein Barnebarnheim og fekk både middag og ein herlig disert -i glas! Stilfullt - i blått gult og kvitt alt.  
Det har sine framdeler å vera mormor og morfar!!

****

Så fekk eg nåde til å gjera fedig "bladet" enno ein gong!! Her står det i ferdigpakka før eg vert køyrd til posten med det i går. 
No er eg litt tom. Tomt på skrivebordet på kontoret og.
Måtte desse enkle blada vera til velsigning for mange!!
Har og sendt ut mange pr epost. Det er jo billigare.

****

Så blei desse ferdige til ei eg er glad i! 
Veldig kjekt arbeid!!!

****

Ha fine vårdagar!

Klem frå  --- mor- Gunvor

2 kommentarer:

  1. Nydelige sokker. Har noen lignede som jeg har fått i gave.
    Men har brukt de så mye at de er tynnslitt. M¨nok til å stoppe.
    Du er flink som styrer med dette bladet. Er litt jobb ja. Men så flott at
    du tar det på deg. Ser jo ut som du klarer det med glans.
    Koselig å besøke barnebarn og få så flott oppvartning.
    Ønsker deg ei velsignet god helg :)

    SvarSlett
  2. Glemte jo å si at det var ei flott dikt.
    Bruker litt dikt i møtesammenheng av og til.
    Så det kan godt være jeg tar med dette en dag.
    :)

    SvarSlett