Ein tyngre himmel over meg i dag. Nokre dropar prikka meg i panna.
Og raunbæra helsa meg frå greina, raudare og modnare no!
Bortanfor kalvane og steingarden har sonen fått treska kornet i dag og halmen ligg i ballar som ventar på å verta stabla ein elle annan stad.. Eg skulle lagt turen min dit i dag, men det var litt for langt.
Et teppe til er ferdig og levert.
No er det laurdagskveld og nytt hekkelety ligg og lokkar!
Ha ein fin laurdagskveld!
Bestemor-mormor-farmor- tante-faster-moster-mor-Gunvor
Så kjekt, Gunvor! No er eg med deg på tur og ved garnbuntane!
SvarSlettHald fram som du stemner!
Ha ein fin kveld!
Helsing Ingeborg
Så koselig å følgje bloggen din Gunvor. Flotte bilete, og vakre skildringar. Heldige barnebarn som får slike nydelige tepper :-) Du e go!! Helsing Nina
SvarSlett