søndag 3. august 2014

Ein morgon. - Safting og bærtur.




På terassen tidleg. Heilt stille. Ikkje eit blad rører seg. Ein og  annan fugl syng. Blomar i bed, krukker og oppheng, held liksom pusten. Dei er så fine! Lufta er lunka litt trykkjande. Skyene sig seint innover Jæren og samlar seg. Alt er fred og godt. ---
Nokon stader er skyene mørke. Det er meldt torever og mykje regn. Må ikkje regn og vind øydeleggja dei skjøre og nydelege liva!
--- Og det rumlar langt vekke.

Det minner meg om at alt ikkje er så bra i verda. Det kjem nærare og nærare. Folk er utrygge. Kva kjem?

Då er det godt å vita at det er ein som har kontrollen på alt, både på lyn og torden og krig og skremsel!

Seinare på dagen var veret fint og roleg, berre godt regn er kome! "Unødige bekymringar!" sa mor så ofte.

Det seier vel at eg er åt og bli gamal, at eg tenkjer på før i tida!  Men det er godt å tenkja på den! "Alle mine tider er i Herrens hand, både dei tidene som er farne og dei som enno er att.

"Min framtidsdag er lys og lang! Den rekker bakom tiden tvang!" Det seier ein diktar i 1883 i ein song som står i Sangboken.

Helsing Gunvor





Safting og bærtur



Det kom inn stikkelsbær, og stikkelsbær og rips har eg alltid safta i dei snart 60 årige husmorliv! Så fram med saftposane! Dei heldt i år og!
Og medan eg rørde i sukkeret kom tankane på mor og før i verda:
Mor tok inn rabarbra. Store tjukke, grøne saftige stilkar. Dei hadde digre blad som måtte bli att ute. Og det var tunnare, raudare stilker som me kalla jordbær-rabarbra. Dei var søtare til å eta. Me ungane sat rundt det store kjøkenbordet og skar. Men det var alle slag bær og frukt som vart nytta. Mor styrde med grytene. Men sidan det var krigstid, hadde me lite og ikkje sukker. Men me hadde noko som me kalla sakarin i store flak som mor hadde i saft og syltetøy i staden, ei tid. Og så var det Atamon, minnest eg, i blå pakkar, som skulle halda syltetøy og saft friskt og ikkje mygla.
Krukker og flasker var godt reingjorde og kokte i kjellaren i god tid.
For å hindra mygl la mor pergamentpapir, klypt passeleg, dypt i edik (trur eg) nedpå syltetøyet. Så la ho papir over krukka og batt til med hyssing. Merkelapp på. Flaskene måtte  korkast og  dyppast/forseglast i varm flaskelakk. 

Etterkvart som me ungane vaks til hjelpte me til med det me kunne. Dei eldste fekk det vanskelegaste jobbane, som kravde mest nøyaktighet. Alt måtte vera reint og kokt og sterilisert!

Bærtur
Mor og far tok oss og med på blåbærturar. Då var det å ta på godt fottøy. Det var beksaumarar. Støvlar me brukte om vinteren og til skisko. Mor laga godt med niste og far laga stavar til oss. På fjelltur måtte me alltid ha kvar sin stav.  Av og til sette me oss for å kvila,  for vegen var lang og bratt opp  heile  heile lia til høgfjellet. Kvilestaden var helst på stader der me såg fint utover ford og fjell. Då tok far fram "finnkniven" sin. Den hadde beinskaft med grøne striper på og var lynande kvass. Den brukte han og til å kvessa blyantane til elevane sine i skulen og. Ingen blyantkvessar laga så fin spiss på blyanten som han! Ja, far tok altså  fram kniven og krota til stavane våre. Dei vart finare og finare etter som kvilestundene vart fleire.

"Så synger vi på vår tur, vårt sinn er lett og rapp vår fot ----"  Song far når me tok i veg att.
Og når me kom på kanten og såg innover: "Hu hei, kor er det vel friskt og lett, oppå fjellet ----"

Me hadde blåbærhentarar som far hadde laga. Men somme ville heller henta med hand. Det vart reinare bær då.

Det var ei oppleving og eit stræv. Tyrste vart me og drakk av det kalde klåre fjellbekkvatnet, og åt nistemat.
Heimatt vart me møyre i knea og sigande trøytte.
Det var mor og far som strevde med renskinga etter me var lagde, mange gonger. Trilla bæra over eit hallande frottehandkle så kvist og bos låg att i tøyet.
Ja dei minna, dei minna. ---

Gunvor


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar