søndag 5. oktober 2014

Ein god sundag


I dag vakna me til ein flott dag med sol og aldeles vidstille. Ikkje eit blad røde på seg! 
Fuglane song iherdig! Heilt nydeleg!

Syng i stille morgonstunder,
syng Gud fader lov og ros!
Sjå han gjer på nytt det under
kallar fram or myrkret ljos!
Sjå hans sol all skapning gyller,
alt med liv og lovsong fyller,
sjå hans kjærleiks smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!

Elias Blix
*

Etter middag og slumring i stolen fekk eg telefon om besøk til mellemmat!
 Lykken er: ungt selskap ved kjøkenbordet! :))


Turen vart spesielt gild med nydeleg fylgje, 

"Jeg kjører frem gjennom strålefryd,
i søndagstillet med klokkelyd ---
----  Godt mot! du hilste på fler enn meg, -- 
skjønt du ei skyndingen så det ei ---"

(Er det ikkje av Bjørnson?)

*

Takk Ragnhild!

Ha ei god veke!

Klem frå  - mor Gunvor




2 kommentarer:

  1. Ser ut som barnebarna er flinke til å besøke dere.
    Koselig det da. Her var det en overskyet, men stille dag i går.
    Og i dag blir det nok enda mer oveskyet.
    Får ta dagen som den kommer og kose seg med
    varme og lys inne.
    Ønsker deg en velsignet god dag :)

    SvarSlett
  2. I dag er det skikkeleg vind att, men soi! Du veit det er 14 bb, spreidd over sørnorge! Så det hender ein og annan droppar inn! Då er det ekstra gildt! -- Me sit no helst åleine,--
    Skikkeleg gildt med denne kontakten, Astrid!
    Ein velsigna måndagdag ynskjer eg deg og dine!

    SvarSlett